På tur med Kåre Willoch
Kåre Willoch fotografert i november 1977.
Foto: Bjørn Sigurdsøn / NTB
Det kom overraskande på dei aller fleste, både i og utanfor Høgre, da Kåre Willoch som avgått statsminister tok til å ytra seg så kritisk om Israel og med så sterk sympati for palestinske synspunkt som han seinare gjorde. For meg var det venta, ikkje fordi eg har spesielle evner som synsk analytikar – langt derifrå – men fordi eg hadde høyrt desse vurderingane frå han så tidleg som i 1977, da eg som journalist reiste saman med utanrikskomiteen i fleire land i Midtausten.
Det var fire statsministrar med: Per Borten, Trygve Bratteli, Lars Korvald og altså Willoch. Odvar Nordli var statsminister og var heime i Oslo, men dette reisande seminaret var svært nyttig. Vi fekk vera med på mest alle møta med unntak av sesjonen med president Assad i Syria – som nekta å tru at Berit Aas var medlem av komiteen. I hans verd kunne kvinner ikkje brukast til anna enn sekretærar og knapt nok det.
På sengekanten før frukost var Willoch alltid i godt humør og svært frittalande medan han kledde på seg, og han var det ikkje mindre under dei meir formelle møta. Det verka også sterkt på han at den israelske statsministeren, Yitzhak Rabin, valde å visa seg frå si minst sjarmerande side, medan den egyptiske statssjefen, president Anwar Sadat, viste all sin arabiske sjarm og fekk dei to representantane frå Kristeleg Folkeparti til å bryta ut: No skal det bli godt å koma til Israel!
Rabin syrgde for at det ikkje vart så enkelt, det heller, og Shimon Peres var ikkje i stand til å dempa det firkanta inntrykket som Rabin gav. Kong Hussein av Jordan, som enno ikkje var merkt av den sjukdomen han vart offer for, brukte også all sin arabiske sjarm på dei norske parlamentarikarane. Det var vanskeleg å fri seg frå inntrykket av at Rabin og dei andre israelarane såg dette som noko nær bortkasta tid.
Da Kåre Willoch vart statsminister i 1981, heldt han for det meste dei israelkritiske synspunkta sine for seg sjølv, og heilt tydelege vart dei ikkje før han hadde vorte felt av Carl I. Hagen i 1986. Men da kom dei til overflata.
Eg drøfta aldri dette med han på tomannshand ut over frukostsamtalane under seminarreisa i Midtausten i 1977, men eg var aldri i tvil om at dette var ting som var viktige for han, og som han ikkje hadde tenkt å fira på; det var noko som han djupt og inderleg meinte.
Under denne seminarreisa laga den israelske ambassadøren i Oslo til eit mellomspel som gjorde det vanskeleg for komitéformannen, stortingsrepresentant Tor Oftedal, å vera til stades på ein offisiell middag som den israelske regjeringa gav, og dermed var Israel det landet som fekk minst ut av denne vitjinga – noko særleg tidlegare statsminister Lars Korvald var spesielt vonbroten over.
Men verda lagar det ikkje annleis enn at ting ofte går annleis enn planlagt. Willoch var nok på si side på det reine med at israelarane skulle få høyra kva han meinte, og det skal seiast at det fekk dei – til gagns.
Per Egil Hegge
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Da Kåre Willoch vart statsminister i 1981, heldt han for det meste dei israelkritiske synspunkta sine for seg sjølv.
Fleire artiklar
Nicolas Leirtrø, Øyvind Leite og Amund Storløkken Åse utgjer trioen med namnet I Like to Sleep.
Foto: Sigrid Erdal
Spanande klangunivers
Trondheimstrioen har laga ei mangfaldig plate.
Isbilar er ikkje noko nytt, men heller ikkje nokon garanti for kvalitet.
Foto via Wikimedia Commons
Isbilen spelar høgt, men taper på kvalitet.
Kor mykje vatn er det eigentleg mogleg å ha i ein iskrem og framleis få han til å likne ein fløyteis?
Foto: Seth Wenig / AP / NTB
Eit teikn på frustrasjon
Korkje Trump eller Biden har i røynda full kontroll på auke og fall i inflasjon eller kriminalitet.
Else Hagen: «Familie» (1950), olje på lerret. Rolf E. Stenersens samling / Munchmuseet.
Etterlysing og turné
Else Hagen er i dag eit ukjent namn for mange, men det er i endring.
Anders Folkestad og Torbjørn Ryssevik meiner det er nødvendig å styrke den vidaregåande skulen si studieførebuande rolle.
Gorm Kallestad / NTB
Studieopptak og skulifisering
Statsråden gjer rett i å avvise opptaksprøver som hovudveg til høgare utdanning.