JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Memoarar
Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
2336
20161111
2336
20161111

Ordtaket vil ha det til at «den som er seigast på bordet, er seigast på jordet». Om det berre er seigt kjøt og seige skorper å få, kan bordseta verta særs stutt eller særs lang, alt etter tolmodet og tannstellet til dei som skal eta. Men er det støtt slik at det seige går seint?

Det ser i alle fall ut til at seig er i ætt med siga. Grunntydinga til seig kan difor vera ‘som sig, dryp langsamt’. Ikkje uventa plar sirup tena som jamføringsgrunnlag: «seig som sirup», seier me. I tillegg til å drypa seint er sirupen råmen og klissete, og når du baksar med slikt, kan du verta seig på fingrane. Me kan òg bruka seig om noko som strengt teke ikkje er klissete, men som fester seg likevel, til dømes snø som klabbar. Seig kan òg brukast om noko som er klamt: Du kan til dømes seia at du er seig på føtene. Men kvifor nyttar me gjerne seig om noko som korkje dryp eller er blautt eller klistrar seg, til dømes kvister, kjøt og stål? I Norsk Ordbog skriv Aasen at seig mellom anna blir bruka om «Vædske, som ikke lettelig adskilles i Draaber». Kan henda er det denne motstanden mot å løysa seg opp som ligg til grunn for vendingar som «seigt kjøt» (som er vanskeleg å trevla opp) og «seige kvister» (som er vanskelege å bryta av).

Jamvel om ikkje alt som er seigt, er vanskeleg, plar det seige ha noko tungt og rangt over seg, og me kan fint bruka seig i tydinga ‘vanskeleg’. Slik var det alt i mellomalderen, jamfør ordlag som «?at er seigt at segja» (vanskeleg å seia). Og jamvel om det seige ofte er tregt, og seig- gjerne vert nytta i nemningar for trege folk (t.d. seigbukk, seigdøle, seiglus og seigost), er ikkje seigleik støtt det same som tregleik. Dei som er seige til å arbeida, kan vera snare i vendinga, og ein seig skilaupar kan gå temmeleg snøgt. Men kva er motstykket til ein seig skilaupar? Ein sprø skilaupar?

Å kava seg opp ein lang og seig bakke – friviljug – vert av nokre rekna som sprøtt, andre nøyer seg med å kalla det seig?pining. I alle fall er det ein seig tur, særleg om føret er seigt. Men det er no ikkje berre musklar og arbeidsoppgåver og andre handfaste saker som seignar. Livet kan òg vera seigt, og det finst både seigliva mytar og seigliva folk. «Seig er sumars daude», heiter det, for ein svelt ikkje så lett i hel då.

Kristin Fridtun

Kristin Fridtun er norrønfilolog. E-post: kristin.fridtun@gmail.com

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Myndigheten för psykologisk försvar set drapet på to svenske fotballsupporterar i Brussel i oktober i fjor i samanband med påverknadskampanjar mot Sverige.

Foto: Martin Meissner / AP / NTB

Samfunn

Framande makter mot folkhemmet

Sverige merkar presset frå Russland, Kina og Midtausten og har sett ein statleg etat til å spore opp påverknadskampanjar. Bør Noreg gjere det same?

Christiane Jordheim Larsen

Jeffrey Wright spelar rolla som forfattaren Thelonious «Monk» Ellison.

Foto: Prime Video

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Moro for middelklassen

Den er ikkje tung på labben, American Fiction, som gjer det veldig lett å le.

KommentarSamfunn
EinarHaakaas

Gjengkrim – ein varsla katastrofe

Det går knapt ein dag utan grove valdshendingar i Oslo. Bak står gjengar og mektige kriminelle nettverk som har vakse fram dei siste ti åra.

Palestinarar på veg ut av Rafah måndag, etter at Israel varsla nye åtak i byen lengst sørvest i Gaza.

Foto: Ramadan Abed / Reuters / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Den raude streken i Rafah

Kanskje skal sluttspelet i Gaza-krigen stå i Rafah. Det blir neppe kort.

Sofi Oksanen er av dei  forfattarane som har fått flest prisar i Norden. Bøkene hennar er omsette til 46 språk. Biletet er frå bokmessa i Wien i 2022.

Foto: Nicola Montfort / Wikimedia Commons

LitteraturKultur

Vald mot kvinner som våpen

Sofi Oksanen ønskte å skrive ei bok som er tilgjengeleg for vanlege lesarar, som kan lesast utan kart og utan at ein treng følgje krigsnyhenda dag for dag. At essayet Putins krig mot kvinner skulle bli så skremmande, såg ho ikkje heilt for seg.

Jan H. Landro

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis