Oppvarma gamal krig

Ein mann sørgjer ved grava til ein fallen soldat i kampane mellom kristne armenarar i Nagorno-Karabakh og muslimske aserbajdsjanarar.
Ein mann sørgjer ved grava til ein fallen soldat i kampane mellom kristne armenarar i Nagorno-Karabakh og muslimske aserbajdsjanarar.
Publisert

Det er ikkje alt nytt som er nytt, men vi pressefolk har gode oppvarmingsmetodar så lenge minnet ikkje er heilt sløva. Krigen i Nagorno-Karabakh i Aserbajdsjan er under oppvarming, og det er ingen vits; hundrevis av menneske, både sivile og soldatar, vert drepne, og ein skal ha god orienteringsevne og enda betre kjelder for å få eit slags bilete av det som hender.

Provinsen Nagorno-Karabakh dukka opp i ei komplisert sovjetisk straffesak i 1960-åra, og saka var det første signalet om at det var slutt på tøvêrspolitikken som Nikita Khrusjtsjov noko nølande hadde innleidd som ein del av avstaliniseringa si. To forfattarar som var lite kjende utanfor Sovjetunionen – eldre lesarar hugsar Sovjetunionen – var dregne for retten for antisovjetisk verksemd. Den eine hadde skrive under psevdonym, og det var ille nok, men verre var det at dei begge hadde fått bøkene sine utgjevne i utlandet. Psevdonymet var Abram Tertz, mannen heitte Andrej Sinjavskij og hadde mellom anna skrive djuptpløyande analysar av lyrikken til Boris Pasternak. Den andre heitte Julij Daniel, og «brotsverket» hans var ei satirisk novelle som harselerte over sovjetisk propaganda, «Alle mords dag».

Det var Kreml som proklamerte ein drapsdag med «valvake» og oppteljing i fjernsynet. Der var det tamme greier og få drap i delrepublikkar som Estland, «men i Nagorno-Karabakh, der var det fres over knivbruken!». Det var første gongen eg såg namnet på trykk, kjennskapen min til dei alt anna enn fredelege provinsane i Kaukasus var så visst ikkje på ekspertnivå. Men eg fekk da skrapa saman såpass at eg skjøna at dei kristne armenarane i Nagorno-Karabakh og dei muslimske aserbajdsjanarane i resten av Aserbajdsjan ikkje var perlevener, just, og at dei som styrte i Moskva, gjorde sitt beste for å halda dei frå kvarandre.

Da Sovjetunionen gjekk i oppløysing for vel tretti år sidan, var amerikanske ekspertar sikre på at det ville verta krig mellom dei to folkegruppene. Russarane sa seg like trygge på at nasjonalitetsproblema var under kontroll trass i litt grums frå borgarkrigstida i 1920-åra. Amerikanarane hadde gode kontaktar i det armenske eksilmiljøet i USA, og det var dei som fekk rett. Det fekk dei enda ein gong da det braut ut ny krig no i sommar, trass i alt rosverdig som ymse regjeringar i Moskva har gjort for å overtala eller tvinga dei to stridbare nasjonane til fred midt oppe i all fiendskapen sin.

Julij Daniel visste altså ein del om det som murra under overflata, og minst like mykje visste han om det tåpelege ved den sovjetiske propagandaen. At Leonid Brezjnev, som ikkje var nokon stor humorist, skulle lika slik satire, var ikkje å venta, men det var heller ikkje mange som trudde at han ville vera så dum at han gav klarsignal til ei rettssak for full musikk.

Sinjavskij fekk sju år i fangeleir, Daniel fekk fem. Kvar einaste utsending frå Vesten, anten det var kulturmenneske eller politikarar, tok opp saka, og til slutt vart russarane trøytte av maset og sette dei fri. Sinjavskij og kona hans busette seg i Paris og reiste fritt i Vesten, Daniel vart buande i Russland. Fru Sinjavskij, som ein gong vitja den norske PEN-klubben saman med mannen sin, visste kvifor: «Daniel ser med stor interesse på alle damevenene sine og vil nok ikkje reisa frå dei», sa ho. Og det gjorde han ikkje.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement