Utsyn frå Inderøy

«Om visepresidenten hjelper meg»

Den leiande valfunksjonæren Brad Raffensperger har dokumentert fleire gonger at valet i Georgia vart avvikla etter reglane, skriv Per Egil Hegge.
Den leiande valfunksjonæren Brad Raffensperger har dokumentert fleire gonger at valet i Georgia vart avvikla etter reglane, skriv Per Egil Hegge.
Publisert

President Donald Trump er like trygg på seg sjølv som han er på at dei mest fanatiske tilhengjarane hans toler kva det skal vera. Det var fleire veker att av valkampen i 2016 da han sa at han kunne skyta ein mann på ei av dei breiaste avenyane på Manhattan utan at nokon ville melda han til politiet. Som så mangt av det han seier, treng det ikkje vera sant, men alt tyder på at han trur det sjølv.

Derfor var det heilt etter oppskrifta, Trumps oppskrift, da han brukte ein heil time no i helga på å fortelja den republikanske delstatsfunksjonæren som hadde det øvste ansvaret for avviklinga av valet i Georgia, at han bør «finna» 11.780 røyster som mangla på at republikanarane fekk fleirtal der. Om nokon andre da i tillegg skulle få hjelp til å «finna» nok røyster til å skaffa Trump fleirtal i to andre statar, ville det liggja slik til at avgjerda i presidentvalet kunne flyttast frå forsamlinga av valmenn (elektorar) til Representanthuset, der kvar delstat da får ei røyst. Dermed ville Trump verta attvald som president for fire nye år.

Om det skulle gå slik – og vi har i dette resonnementet hoppa svært høgt over gjerdet til fantasiriket – ville det vera i strid med grunnlova og vallovene, for ikkje å nemna ein tilleggsbagatell som valresultatet 3. november. Og at Trump ville vera nøgd, ville ikkje vera nok til å setja eit godkjenningsstempel på eit slikt utfall.

Alt dette gjorde det svært lite truleg at noko anna ville henda enn at valet av Joe Biden ville verta formelt godkjent da visepresident Mike Pence opna konvoluttane 6. januar og las resultata av den formelle røystinga som valmennene stod for 14. desember. Det er den einaste funksjonen, eller oppgåva, som visepresidenten har på det møtet han skulle leia i dei to kammera i Kongressen 6. januar. Men i ein tale i Georgia så seint som 4. januar klamra Trump seg til fantasien om «hjelp frå visepresidenten» slik at han kunne gjera noko heilt anna, og Trump kunne sparast for flyttesjauen ut av Det kvite huset 20. januar.

Den som da held til i fantasiriket, er Trump, men det er i så fall ikkje første gongen. Og fantasiinnslag har det ikkje skorta på sidan 20. januar 2017, da Donald Trump avløyste Barack Obama. Men at nokon no må bu seg på sceneskifte, og at det kan falla dei tungt, fekk vi ei påminning om i den timelange telefonsamtala 3. januar, der Trump «bestilte» 11.780 ekstra røyster frå den leiande valfunksjonæren Brad Raffensperger. Han sa, som han har sagt og dokumentert fleire gonger, at valet i Georgia vart avvikla etter reglane.

– Nei, sa Trump, du var ikkje eingong i nærleiken.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement