Om å snakka seg ut or småkniper
Far kom heim i ein annan bil enn den han drog av garde med.Far kom heim i ein annan bil enn den han drog av garde med.
Illustrasjonsfoto: Henrik Lauvik / NTB scanpixIllustrasjonsfoto: Henrik Lauvik / NTB scanpix
Far min var ingen stor diplomat, og såpass til sjølvinnsikt hadde han at han ikkje rekna seg for noko slikt. Men han hadde ei eiga evne til å snakka seg ut or småkniper, og da gjorde han som Gudbrand i Lia: Han sa det akkurat som det var når han dumma seg ut, og eg såg aldri at det slo feil. Han fekk tilgjeving og skryt, pluss applaus og ein smil med på vegen.
Det er snart 25 år sidan han døydde, og framleis har eg ikkje funne ut kva det var han gjorde – sett bort frå at det var ein god porsjon humor med som ingrediens. No var det ikkje i dei store sakene han briljerte med denne framgangsmåten, men framleis vert eg imponert når eg minnest eit par av desse episodane.
Det var éin gong han skulle reisa frå Inderøy til Steinkjer. Dette var midt på 1900-talet, så det gjekk ikkje buss direkte. Bussen gjekk til Røra stasjon for å nå sørgåande tog. Dei som skulle motsett veg, måtte sitja på stasjonen i ein time og venta på nordgåande.
Så oppdaga far at eit lite motorvogntog – nymotens greier, for dei store toga på Nordlandsbana gjekk med damplokomotiv – hadde stansa på Røra. Nordlandsekspressen, stod det. Han gjekk om bord, forvissa seg om at toget stansa på Steinkjer, og sette seg. Toget venta på å kryssa med eit motgåande, og konduktøren ville ha billett. Billetten, som kosta kr. 2,20, hadde ikkje far nådd å kjøpa, for han trudde han hadde god tid.
Men konduktøren ville ha ekspresstogtillegg, pluss straffetillegg fordi far ikkje hadde billett.
– Du skulle ikkje ha vore på dette toget, for det har ikkje regulært stopp på Røra, sa konduktøren, og summerte til i alt kr. 22,20.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.