Om å halda seg vekk frå førstesidene

Jimmy Carter saman med Noregs statsminister Odvar Nordli då dei møttest i Washington i juni 1979.
Jimmy Carter saman med Noregs statsminister Odvar Nordli då dei møttest i Washington i juni 1979.
Publisert

Statsminister Odvar Nordli døydde som 90-åring den veka Erna Solberg var gjest hos den amerikanske presidenten i Washington. Sjølv var han – så vidt – invitert til president Jimmy Carter om lag 40 år tidlegare, og det var ikkje så høg stemning mellom dei norske diplomatane da staben i Det kvite huset kunngjorde at den norske regjeringssjefen hadde fått fem minutt på dagsprogrammet til presidenten.

Litt meir vart det no, men visepresident Walter Mondale fortalde mange år seinare at han streva hardt og stort sett til fånyttes for å få Carter til å interessera seg berre litt meir for Noreg.

– Augo hans vart glasaktige kvar gong eg nemnde Norden for han, sa Mondale.

Amerikanarane har eit uttrykk for det: MEGO – my eyes glaze over. Det er eit signal om at det kan vera ein tanke å skifta emne.

Men fem eller ti minutt: Odvar Nordli gjorde det slett ikkje dårleg som gjest i Washington. Han snakka ikkje briljant engelsk, men han stakk seg ut ved at han ordla seg både konsist og presist. I den konstante ordflaumen som plagar den hovudstaden dag ut og natt inn, legg folk merke til slikt. Så får det heller vera at folk frå Stange ikkje brautar seg med å utropa seg til «svært stabile geni».

Nordli fekk ei plattform litt lenger borte i hovudgata, Pennsylvania Avenue. For han fekk vera æresgjest og talar i Den nasjonale presseklubben to kvartal frå Det kvite huset, og der har dei fleste litt betre tid. At han hadde gjort heimeleksene, viste han da han vart spurd om det ikkje var litt stussleg å styra eit land som var så lite at det knapt nok vart lagt merke til, og i alle fall ikkje var å sjå på førstesidene i dei store verdsavisene. Altså dei amerikanske presseorgana, forstår seg.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement