Nyttår i Washington
Trump-tilhengjarar storma Kongressen 6. januar 2021, det hardaste åtaket på regjeringa i USA sidan krigen mot britane i 1812.
Foto: Leah Millis / Reuters / NTB
Når amerikanske politikarar har bestemt seg for at det er noko dei ikkje vil, da bestemmer dei seg til gagns. Og når dei nektar å møta til høyring i Kongressen, er det ei prinsippsak for dei, spesielt dersom dei er høgreorienterte republikanarar.
Denne veka er det om å gjera å få vist at dei ikkje vil vedgå at dei – eller altfor mange av dei – var farleg nære å gjennomføra eit kupp mot ein lovleg vald president. I mange land er det ulovleg å driva med slikt, og det var det dei gjorde for eitt år sidan, den 6. januar i fjor. Lovverket kan brukast mot slikt, og det er bortimot sikkert at det vil verta brukt når januarsesjonen opnar denne veka.
For ikkje å bruka sterkare uttrykk vil dette kludra til prosessen fram mot mellomvalet i november, ein prosess som såg ut til å verta vanskeleg nok frå før. For dei republikanarane som er av den nokså sære oppfatninga at demokratane stal valsigeren i november 2020, er ingen middel for grove til ikkje å brukast mot den sitjande presidenten og det syltynne fleirtalet som demokratane har i Kongressen. Det vert mykje rot av dette gjennom resten av valåret, og det vert fleire og fleire som reiser spørsmålet om det amerikanske systemet er i stand til å fungera fram til presidentvalet i 2024.
Korleis hamna amerikanarane i eit slikt uføre? Prosessen har ikkje alltid vore heilt oversiktleg, langt ifrå. Kor mykje verre det ser ut no i 2022, kan vi diskutera i lang tid framover, men pessimistane vil få mykje å tyggja på gjennom dei neste ni månadene.
Om ein skal fastsetja ein startstrek for desse komplikasjonane, kan ein kanskje byrja med uroa omkring det førre mellomvalet, da republikanske aktivistar laga sine eigne grupper på sida av det vesle som finst av partiorganisasjonar. Dei gruppene som ville driva for seg sjølve, valde å gjera nett det, og den sentrale leiinga – i begge dei to store partia – var så å seia maktlause. Slik fekk dei halda på, og den eine replikken som demonstrerer maktesløysa, kom frå den demokratiske senatoren frå West Virginia da han vart spurd om han ikkje lèt seg pressa.
– Eg er frå West Virginia, og eg kan ikkje pressast til noko, svara han.
Slik samansetjinga er i Senatet, kan han vera eigenrådig, og han har det fint med det. Dermed lyt amerikanarane og vi leva med dette rotet heilt til november.
Vi kan i beste fall finna trøyst i eit sitat av Winston Churchill: Demokratiet er det verste av alle system, bortsett frå alle dei andre.
Frå år til anna har amerikanarane overvunne og/eller rodd seg ut av slike vanskar, men lite tyder på at det vert eit godt nytt år for det politiske systemet i USA. Midt oppe i dette skal demokratane finna ut om dei skal nominera Joseph Biden til attval som president, i ein alder som inneber han vil fylla 80 år før presidentperioden er over. Det har aldri hendt før. Sant nok aukar levealderen, men dette kan verta ein dryg munnfull for dei amerikanske veljarane.
Det set ein ekstra spiss på situasjonen at USA har svært vanskelege utanriksproblem å hanskast med i tillegg. Å handtera krisa i Ukraina, for berre å nemna ei sak, er meir enn nok for mannen i Det kvite huset. Tilhøvet til Kina vil ikkje forsvinna frå dagsordenen, og endå er det svært mange andre tunge kriser å ta omsyn til.
Godt for avislesarar er det, sant nok. Men vi finn alltids ei råd.
Per Egil Hegge
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Å handtera krisa i Ukraina, for berre å nemna ei sak, er meir enn nok for mannen i Det kvite huset.
Fleire artiklar
Det oppstår misvisande biletet av at covid-19 forårsakar Alzheimer, meiner Preben Aavitsland ve FHI.
Foto: Erik Johansen / NTB
Meir om seinfølgjer
Den årlege rapporten FHI har publisert, syner at dødeligheita blant personar under 40 år har vore nokså stabil sidan 2015.
Gukesh kan verta den klart yngste verdsmeisteren i historia. Carlsen var nesten fem år eldre då han vann kandidatturneringa og vart verdsmeister i 2013.
Foto: Maria Jemeljanova / Fide
«Sjølv har eg heller aldri sett ein så mogen 17-åring, korkje på eller utanfor sjakkbrettet.»
Line Eldring har leidd utvalet som tilrår at Noreg både bør vidareføre og utvide samarbeidet med EU på nye område framover. Ho la nyleg fram utgreiinga «Norge og EØS: Utviklinger og erfaringer» for utanriksminister Espen Barth Eide.
Foto: Terje Pedersen / NTB
Veksande fjernstyre
Tilknytinga vår til EU veks og veks, både gjennom EØS-avtalen og utanfor, ifølgje ei ny utgreiing. Og det er få som kjenner heilskapen.
Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou i Hebei-provinsen.
Foto: Ng Han Guan / AP / NTB
Ein straum av problem
Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.
Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.
Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB
Overgrep som skakar folkeretten
Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.