Nyskolen på Steinkjer

Kronprins Olav vitja Steinkjer for å sjå på atterreisinga etter andre verdskrigen i august 1946. Velkomstportalen var laga av norske flagg.
Kronprins Olav vitja Steinkjer for å sjå på atterreisinga etter andre verdskrigen i august 1946. Velkomstportalen var laga av norske flagg.
Publisert

Den nest siste fredagen i august brukte eg på 60-årsfeiring – ikkje for meg sjølv, men for russetida på Steinkjer – ein epoke som altså ligg fem dusin år attende i fortida. Når eg tenkjer etter, ligg det meste 60 år attende i fortida.

For Steinkjer er det nok viktigare enn det vesle jubileet vårt, det som ventar byen inst i Trondheimsfjorden den første fredagen i haustmånaden september: Da kjem stortingspresidenten for å opna den nye barneskolen i byen. Det er eit praktbygg i moderne trearkitektur, slik det sømer seg for ein landsdel der skogbruk med forgreiningar er viktigaste næringsvegen.

Det ligg i norsk jarnvegshistorie, eit gløymt og gøymt kapittel for andre enn dei av oss nerdar som har lokalkunnskap. Da Nordlandsbana skulle nordover frå Trondheim, var endestasjonen Sunnan ein mils veg forbi Steinkjer. Det var til Sunnan og Byafossen tømmeret frå Snåsavatnet kom flytande, for vidare jarnvegstransport mot sør. Dessutan er det knapt mange, sjølv i Trøndelag, som veit at Steinkjer var ein skipsfartsby på den tida: I 1900 hadde byen 90 reiarlag. Lat gå at det var innherredsjekter, og at kvar reiar stort sett hadde berre éi jekt. Men dei trafikkerte strekninga Bergen–Aleksandrovsk, den siste betre kjend som Murmansk i dag, og det gjekk i fisk, trelast og korn.

Vi stavrande og giktbrotne, men tappert jubilerande 80-åringar vart omviste på den nye skolen, både på innsida og utsida. Tolv mål med leikeplass rett under den namngjetne og poetiske Furuskogen, der eg, ofte på glasblank glattis, hadde skolevegen min på Steinkjer offentlege landsgymnas på slutten av det tiåret da Eisenhower var president i USA, Khrusjtsjov styrte i Sovjetunionen (mange hugsar Sovjetunionen), Gerhardsen var statsminister i Noreg, og Steinkjer var eit av dei beste fotballaga i landet. Mange hugsar det òg. Kva eg lærte? Svært mykje som var meir nyttig enn eg forstod den gongen, det gjekk opp for meg seinare.

Leikeplassen, alle tolv måla, var alt tekne i bruk no, småbarnforeldre var der i seinsommardagen med jublande tre–fire-åringar på så moderne underlag at dei knapt risikerer eit skrubbsår. Slikt ventar det nok av seinare; enno veit dei ikkje at vi ikkje kjem oss gjennom livet utan rikeleg av den erfaringa.

I Steinkjer kommune, som er ein slags konkurrerande trønderhovudstad til det langt større og mektigare Trondheim, bur det over 22.000 menneske i dag, kunne ordføraren fortelja. Han er senterpartimann og vert nok attvald.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement