Skolen på Steinkjer
Kronprins Olav vitja Steinkjer for å sjå på atterreisinga etter andre verdskrigen i august 1946. Velkomstportalen var laga av norske flagg.
Foto: NTB scanpix
Den nest siste fredagen i august brukte eg på 60-årsfeiring – ikkje for meg sjølv, men for russetida på Steinkjer – ein epoke som altså ligg fem dusin år attende i fortida. Når eg tenkjer etter, ligg det meste 60 år attende i fortida.
For Steinkjer er det nok viktigare enn det vesle jubileet vårt, det som ventar byen inst i Trondheimsfjorden den første fredagen i haustmånaden september: Da kjem stortingspresidenten for å opna den nye barneskolen i byen. Det er eit praktbygg i moderne trearkitektur, slik det sømer seg for ein landsdel der skogbruk med forgreiningar er viktigaste næringsvegen.
Det ligg i norsk jarnvegshistorie, eit gløymt og gøymt kapittel for andre enn dei av oss nerdar som har lokalkunnskap. Da Nordlandsbana skulle nordover frå Trondheim, var endestasjonen Sunnan ein mils veg forbi Steinkjer. Det var til Sunnan og Byafossen tømmeret frå Snåsavatnet kom flytande, for vidare jarnvegstransport mot sør. Dessutan er det knapt mange, sjølv i Trøndelag, som veit at Steinkjer var ein skipsfartsby på den tida: I 1900 hadde byen 90 reiarlag. Lat gå at det var innherredsjekter, og at kvar reiar stort sett hadde berre éi jekt. Men dei trafikkerte strekninga Bergen–Aleksandrovsk, den siste betre kjend som Murmansk i dag, og det gjekk i fisk, trelast og korn.
Vi stavrande og giktbrotne, men tappert jubilerande 80-åringar vart omviste på den nye skolen, både på innsida og utsida. Tolv mål med leikeplass rett under den namngjetne og poetiske Furuskogen, der eg, ofte på glasblank glattis, hadde skolevegen min på Steinkjer offentlege landsgymnas på slutten av det tiåret da Eisenhower var president i USA, Khrusjtsjov styrte i Sovjetunionen (mange hugsar Sovjetunionen), Gerhardsen var statsminister i Noreg, og Steinkjer var eit av dei beste fotballaga i landet. Mange hugsar det òg. Kva eg lærte? Svært mykje som var meir nyttig enn eg forstod den gongen, det gjekk opp for meg seinare.
Leikeplassen, alle tolv måla, var alt tekne i bruk no, småbarnforeldre var der i seinsommardagen med jublande tre–fire-åringar på så moderne underlag at dei knapt risikerer eit skrubbsår. Slikt ventar det nok av seinare; enno veit dei ikkje at vi ikkje kjem oss gjennom livet utan rikeleg av den erfaringa.
I Steinkjer kommune, som er ein slags konkurrerande trønderhovudstad til det langt større og mektigare Trondheim, bur det over 22.000 menneske i dag, kunne ordføraren fortelja. Han er senterpartimann og vert nok attvald.
I 1959, for eit par kommunesamanslåingar sidan, var folketalet rekna til om lag 5000. Byhistoria er dramatisk: Nyskolen ligg ved det som var den gamle byporten – eit blått skilt på ein murhusvegg i dag. Den gamle folkeskolen var ein av dei få bygningane som overlevde bombebrannen i aprildagane i 1940. Like ved låg gymnaset, rive for lenge sidan, utan at det var noko arkitektonisk tap for byen. Det ville det ha vore om den vakre folkeskolen hadde gått med i brannen. I oppussa stand er han ein del av det nye universitetsområdet.
I soga om Olav Tryggvason skriv Snorre om Håkon Jarl at folk i Midt-Noreg sterkt mislikte åtferda hans. Slikt ville ha kosta han dyrt i våre metootider, og han overlevde da heller ikkje. Han var ein brutal grabukk, dersom Snorre er til å lita på, og «folk murra og bar seg ille, slik trønderane har for vane når noko ikkje er dei til lags». Ein kvinneleg stortingspresident hadde han nok ikkje tolt. Men ting har endra seg så mykje at Sør-Trøndelag og Nord-Trøndelag har slått seg saman til eitt trønderfylke og vil «som brøder saman bu».
Om berre resten av kongeriket hadde teke lærdom av desse trønderane. Sta folk, det skal seiast. Men ikkje stridbare. Ikkje alltid.
Per Egil Hegge
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

I 1900 hadde Steinkjer 90 reiarlag.
Fleire artiklar
Tekniske problem mellom Carlsen og Niemann.
Foto: Chess.com
Skandaleduellen
«Før Speed Chess Championship var eg 'gira'. Dette var så spanande som moderne sjakk kan vera.»
Kor mykje skal den enkelte forelder ha å seie over barnet? Spørsmålet er til vurdering når barnelova skal oppdaterast.
Foto: Sara Johannessen Meek / NTB
Flytterett eller vetorett?
Skal mor eller far kunne ta med seg barna og flytte langt bort etter eit samlivsbrot? Barne- og familiedepartementet vil gjere det vanskelegare for fleire, men møter motstand.
Den norske komponisten Sigurd Lie (1871–1904).
Klår kulokk
Der er både norsk og tysk nasjonalromantikk i Sigurd Lies romansar.
Gulrotsuppe med eit dryss graslauk og olivenolje.
Foto: Dagfinn Nordbø
Suppehimmelen
«Eg skjønar meg ikkje på kakebakst, for oppskriftene er så biskopstrenge, dei har lite slingringsmon for kreative påhitt.»
Jasmine Trinca i hovudrolla som Maria Montessori, som med ein ny pedagogikk la grunnlaget for montessoriskular over heile verda.
Foto: Another World Entertainment
Traust revolusjon
Det er null nytt i filmen om nyskapingane til Maria Montessori.