Norske, amerikanske og russiske troll

Då presidentane Donald Trump og Vladimir Putin møttest i Vietnam, leit Trump på det Putin sa.
Då presidentane Donald Trump og Vladimir Putin møttest i Vietnam, leit Trump på det Putin sa.
Publisert

Norsk lokalpolitikk er ingen dårleg innfallsvinkel til verdspolitikken og til ei djupare forståing av verkeleg store leiarar og innsyn i avgjerande spørsmål. Difor burde ingen norsk journalist sendast ut i verda før han eller ho har slite pressebenken i tingretten nokre veker – eller referert eit kommunestyremøte eller fem som ein del av grunnopplæringa.

Slik var det i gamle dagar, men den oldingen som i dag måtte ymta frampå om det frå hornet på veggen, vil få høyra at ja visst, det er nett der han høyrer heime, og der bør han verta verande – utan mikrofon eller penn.

Denne sanninga slo meg denne veka, da president Donald Trump kunngjorde at han tek president Vladimir Putin på ordet når den russiske yrkesbroren hans atter og atter seier at han aldri blanda seg inn i den amerikanske valkampen i fjor. 17 amerikanske etterretningsorganisasjonar hevdar dei har prov på at russarane gjorde akkurat det. Dei som gjennom åra har sett eitt og anna av ymist slag om kor pålitelege fråsegner frå Kreml kan vera, vil nok meina at Trump sluker slike forsikringar litt for kritikklaust.

No fossrodde Trump alt dagen etter – ei øving han sjeldan kastar seg ut i. Og brått var han heilt samd med sin eigen sjef for CIA, som sa det stikk motsette: Russarane stod bak ei svært aktiv og omfangsrik innblanding.

Som døme på klårgjerande lokalopplæring for Trump frå den norske provinsen kunne ei rettssak på Romerike for nokre år sidan dugd så det monar. Der var det ein vassverkssjef som dreiv fleire prosjekt med svært store fakter, med ni farmar i Sør-Afrika, ein hangar i Skedsmo der det var rikeleg med svært tungt maskinelt utstyr, om ikkje nett til vassverksdrift, og 34 millionar på konto i Sveits.

Da det vart rettssak, vart likningssjefen ført som vitne, og aktor spurde om han ikkje hadde høyrt noko om pengar som vassverksjefen hadde gløymt å betala skatt av. Jau, det hadde vore noko snakk om det.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement