JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Memoarar

«Noget ved musikken»

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Cellist Vedran Smailovic spelar Albinoni for dei drepne i Sarajevo i 1992.

Foto: Evstafiev Mikhail via Wikimedia Commons

3555
20190104
3555
20190104

«At være noget ved musikken» er eit dansk uttrykk som tyder å driva det til noko, å få ein viktig og kanskje avgjerande posisjon. Bokstavleg meint er det ikkje; folk som ikkje kan høyra skilnad på «Gud signe Noregs land» og «Gud signe vårt dyre fedreland», kan godt verta «noget ved musikken», til dømes toppsjef med mangemilliongasje i eit kjempefirma.

Eitt av mange forsonande drag ved musikk er at kunstforma ofte vert teken i bruk i fredsskapande eller fredsmarkerande samanheng. Like før årsskiftet var det to viktige jubileum som kunne ha mint oss om det – om vi berre hadde vore merksame på det. Det er kanskje ikkje for seint ved inngangen til det nye året.

Julaftan i 1918 vart det grunnlagt ein tradisjon som runda 100-årsdagen for elleve dagar sidan: I det kongelege kapellet ved universitetet i Cambridge framførte koret julesongar saman med lesing av ni bibeltekstar i eit nytt arrangement. Dette året kom jula seks veker etter slutten på det gruvelege, fire år lange blodbadet som enno ikkje hadde fått namnet første verdskrigen. For han skulle jo gjera slutt på alle krigar. Ideen kom frå dekanus ved King’s College, Eric Milner-White. Han hadde vore feltprest ved fronten og sett nedslaktinga på nært hald. At det gjorde inntrykk, var sjølvsagt, men han sa og skreiv lite om det. For ikkje lenge sidan fann ein arkivar i Cambridge eit brev som den unge presten hadde skrive til foreldra sine. Delar av det – ein uhyggjeleg krigsreportasje – vart lesne i ei hundreårssending i BBC no i jula.

Sidan, med unntak av 1930, har denne songmessa vore kringkasta kvar jul. No er det 450 radio- og fjernsynsstasjonar som sender henne, og skarar av musikkinteresserte over heile verda sit og ventar på den lyse gutesopranen som opnar med «Det hende i den kongelege Davids stad».

Kapellet skriv seg frå 1400-talet, og koret er ein del av den vidkjende musikarutdanninga ved King’s College.

200-årsjubileet er kanskje betre kjent: Julaftan i 1818 vart den nye julesalmen «Stille natt» («Glade jul») urframført i St. Nikolai-kyrkja i Oberndorf ikkje langt frå Salzburg. Teksten var skriven i 1816 av den unge katolske presten Joseph Mohr. Han ynskte mellom anna å markera stilla etter napoleonskrigane. Kanskje var han opposisjonell nok til å setja eit spørjeteikn ikkje berre ved likhaugane, men òg ved det som var gjengs oppfatning hos fleire enn Napoleon: «Krig er den naturlege tilstanden i tilhøvet mellom statar.»

Mohrs tekst, som er svært mykje betre i omsetjinga «Stille natt» enn som «Glade jul», fekk melodi av læraren og organisten Franz Xaver Gruber. Gruber var heilt ukjend utanfor den vesle kyrkjelyden i Arnsdorf ved Oberndorf, dit pater Mohr hadde kome som prest i 1817. Gruber er ikkje kjend for andre komposisjonar; det er ikkje alltid at kvantitet er avgjerande for kvalitet.

Ved eit tilfelle som det er lett å sjå ei djupare meining i, fortalde ein kollega i BBC no i jula at han brukte mykje tid i Sarajevo i Bosnia under krigshandlingane der i 1990-åra. 26 menneske miste livet den dagen ein bombekastargranat landa på grønsakstorget i den kringsette byen. Etter det sette ein uredd cellist seg til og spela Albinonis Adagio kvar dag i 26 dagar på rad. BBC-mannen spurde han til slutt om han var kroat eller bosniar.

– Svaret hans svir enno i samvitet mitt, over 20 år seinare: «Eg er musikar.»

Dei døde kjem ikkje tilbake. Men likevel: Det er «noget ved musikken» som til og med kan få ein journalist til å gå i seg sjølv.

Per Egil Hegge

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Han hadde vore feltprest ved fronten
og sett nedslaktinga på nært hald.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Ida Lødemel Tvedt

Lars Elling har skrive eit portrett av venen Stian Carstensen.

Foto: Trond A. Isaksen

BokMeldingar
Odd W. Surén

Singel og sanatorium

Lars Elling skriv sprudlande, intelligent overskotsprosa
frå sinnets undergrunn.

Oppsettingar og konsertar er ein viktig og synleg del av skolegangen på musikklinjene. Her frå Hakkebakkeskogen ved Stord vidaregåande skule.

Foto: Stord vgs

MusikkKultur
Helga JohanneStørdal

Kampen om kunstfaga

Om kunstfaglege linjer ved vidaregåande skolar har livets rett, er ein årleg debatt når elevplassar og kroner skal fordelast.

Den norske fiskeflåten er mangfaldig. Her er ringnotfartøy ved kai i Egersund våren 2017.

Foto: Per Anders Todal

Samfunn
Per Anders Todal

Fiskar er fiskar verst

Striden om kvotemeldinga kan få Fiskarlaget til å rivne.

Sviskadar frå maneter kan vere smertefulle og gje store skadar på oppdrettsfisk.  I 2023 døydde fleire millionar laks etter angrep av perlesnormaneter (Apolemia uvaria).

Foto: Mattilsynet

DyrFeature

Den sure svien

I fjor vart angrep av maneter brått rekna med som ei av dei fem viktigaste årsakene til laksedauden, korleis kan noko slikt skje?

Arve Nilsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis