Nekrologtid i Danmark
Lars Løkke Rasmussen kunne til sist lite gjera – anna enn å reisa heim til København.Lars Løkke Rasmussen kunne til sist lite gjera – anna enn å reisa heim til København.
Foto: Heiko Junge/NTB scanpixFoto: Heiko Junge/NTB scanpix
Det finst ingen vakre måtar å slå folk i hel på, og danskane tok farvel med august og sommaren 2019 ved å sannkjenne dette brutale amerikanske ordtaket.
Eksstatsminister Lars Løkke Rasmussen slost drabeleg for å berga det som var att av hans politiske liv, men laurdag morgon lura han seg ut ei bakdør på eit hotell ved Vejle på Jylland og sa frå om at det var slutt. Nekrologane kom etter gamal skikk: Tidlegare motstandarar var rause med ros for hans politiske talent og handverk. Sjølv hadde han berre ei twittermelding å by på: Sjølvrespekten hans gjorde at han ikkje kunne halda fram som leiar når partiet ikkje ville gjera som han ynskte, sa han. Og det han ynskte, var at partiet skulle gå med på at han heldt fram som leiar. Det var ei mindretalsvurdering.
Det vart minneartiklar i staden, og kor rosande og høflege dei enn var, veit alle at minneartiklar kjem når ein politikar er gått bort. Han er ekstra død når han går bort gjennom bakdøra.
Det var altså inga triveleg førestelling, og partiet Venstre skal ha ekstraordinær kongress for å velja ny leiar og nestleiar 21. september. Den fremste kandidaten er Jakob Ellemann-Jensen, 45 år gamal. Han brukte berre måndag og tysdag på å finna ut at så mange av partimedlemene vil ha han, at han må stilla opp. Søndag 22. september er det danske Venstre ute or krisa. Kanskje.
Jakob Ellemann-Jensen har stamtreet i orden. Han er son av «Uffemann», Uffe Ellemann-Jensen, som var utanriksminister frå 1982 til 1993, og som var berre nokre millimeter frå å verta statsminister i 1998. Som utanriksminister var han både populær og respektert. Han har den likskapen med Boris Johnson at han i mange år var journalist. Til skilnad frå Johnson sette han seg alltid godt inn i sakene, og i tillegg var han etterretteleg, påliteleg og arbeidsam.
Sonen, som har tent både i Livgarden og i Bosnia, har mange av dei same eigenskapane, og han dyrkar ei fin, men ikkje flåsete eller sårande form for humor.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.