Når det bør eller må ryddast
J.J. Grandville: Frå «Reisa til æva», 1830.
I førre hundreåret vart det aldri mykje kraft over oppmodingane mine dei få gongane eg prøvde å få tenåringane våre til å rydda på rommet sitt. Dei hadde augo å sjå med, og dei såg at fars arbeidsplass, på kontoret som heime, var ein mellomting mellom eit rotebord og eit rotebol, og tidleg skjøna dei at det aldri kom til å verta annleis.
Så kvifor skulle det gjelda andre reglar for dei? Far, som har levd av å setja saman ord til meiningsberande og overtydande setningar, meir eller mindre, hadde aldri noko godt svar på det spørsmålet.
Eg fann seinare ut – ein uvane er lettare å forsvara når han kan få eit ankerfeste i vitskap – at psykiatrien har eit ord for det: kastevegring. Det gjer fysisk vondt om ein skal kvitta seg med noko. Avisbunkane? Nå ja. Når dei vert for høge til at tyngdekrafta kan halda dei i ro, lyt ein ta frå toppen. Eller botnen.
Men så var det bøkene. Det gjer verkeleg vondt å kasta bøker, og eg trur ikkje eingong Paralgin Forte ville døyva pina.
Når nauda er størst, har broderfolket i aust meldt seg som hjelpar. Svenskane har eit omgrep for det som no skal til, og det er alt eksportert til amerikansk engelsk og nederlandsk. Klangen er brutal, men oppfinnaren, Margareta Magnusson, seier det er eit vakkert ord og dessutan godt meint: döstädning. Ho har skrive ei bok om det, og ho seier at folk ved 50 års alder bør byrja å kvitta seg med ting dei ikkje kjem til å bruka meir. Klesskåpet er ein god startstad. Der heng det mykje som har krympa forbløffande sidan sist det vart brukt. Og kvifor skal dei som lever etter oss, irritera seg i månadsvis over alt dei må kasta?
Poenget med döstädning, jamvel om ordet dö er både starten og det filosofiske hovudinnhaldet, er ikkje å bu seg meir handfast og med samanbitne tenner på den utgangen vi alle har i vente, men som få av oss vert oppstemde av. Det er å varma seg ved minnet om ting som du har vore glad i, ting du no held i handa for siste gong, og atter seia til deg sjølv det du veit: «Det var ei fin oppleving. Men det er ei tid for alt, og denne tingen og bruksmåten høyrer historia til. Minnet vil eg ha også om tingen vert gitt bort – eller kasta. Og minne er det alltid plass til.»
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.