Militærdokter hos tsaren
Foto frå utstillinga. Mannen i midten er dr. Christian Johannessen i den fyrste verdskrigen.
Jamvel om det gamle militæranlegget Rinnleiret ligg innafor kommunegrensa no, er det ikkje mange norske byar som verkar meir fredelege og mindre krigshistoriske enn Levanger. Men søndag, på 100-årsdagen for våpenkvileavtalen som sette punktum for den første verdskrigen, vart det opna ei fotoutstilling av svært spesielle bilete frå denne krigen. Dei har tilhøyrt dokter Christian Johannessen (1875–1959) og vart funne i eit arkivskap på Innherred sykehus for nokre år sidan.
Saman med anna materiale, som eit brev frå sendemann Prebensen i Petrograd i desember 1915, kastar dei lys over ein medisinsk karriere som heldt fram inn i den neste krigen. Da sat Johannessen internert på Falstad, der tyskarane brukte han som lækjar for fangane. Han var kreativ: Fangar som var sjuke, og som hadde lite godt i vente når dei vart friskmelde, fekk falske diagnosar av Johannessen og ein plakat med «Smittefare» på døra.
– Dermed fekk dei vera i fred heilt til Johannessen tok dei med til sjukehuset da han vart sett fri klokka 02.00 natt til 8. mai 1945, fortel Inger Johanne Kvello ved Levanger museum, der mykje av materialet no er utstilt.
Nokre av bileta er frå sjukesalane i Vinterpalasset, der det var operasjonsrom og plass til 1000 pasientar. Fagleg medisinsk sjef var professor Petrov, ein av dei fremste kirurgane i Tsar-Russland. Formelt stod hospitalet under kommando av storfyrstinne Ksenia Aleksandrovna, dotter av tsar Aleksander 3. og søster av tsar Nikolaj 2.
Dei eldste av dei fire døtrene til tsaren gjorde òg teneste som helsepersonell.
Det er også eit gruppebilete av tilsette, oppstilte i den vidgjetne Jordan-trappa, eitt av praktverka til arkitekt Francesco Bartolomeo Rastrelli. Sjukesengene står i ein av søylesalane, under tunge og prektige krystallysekroner frå 1700-talet.
Da Vinterpalasset vart okkupert av bolsjevikane i november 1917, åtte månader etter at tsaren hadde abdisert, vart hospitalet stengt og pasientane overførte til andre sjukehus. Dokter Johannessen vende tilbake til Levanger den hausten, og arbeidde der til han nådde aldersgrensa like etter krigen.
Han var fødd i Grimstad og vart assistentlækjar i Levanger. Sidan kom han til Hammerfest, og russiske fiskarar – somme av norsk avstamming frå Fiskarhalvøya aust for Kirkenes – kom av og til dit med folk som trong hjelp. Alt tyder på at Johannessen lærte seg russisk, og at det medverka til at han søkte seg til Petrograd (i dag St. Petersburg) under krigen.
I 1916 fekk han bod frå sendemann Prebensen om at kong Haakon (som var fetter av tsaren) gjerne ville møte han, og han var i audiens på slottet i Kristiania det året.
I 1946 busette han seg i heimbyen Grimstad. Barnebarnet hans, Lisen Roll i Oslo, var til stades da utstillinga vart opna 9. november. Ho fortalde at han heldt fram som lækjar på halvtid i huset sitt, og at stua vart rydda kvar dag før klokka ti, da han tok imot pasientar fram til klokka to.
Nokre av bileta er tekne av ein fotograf i firmaet Green i Haparanda, grensebyen mellom Finland og Sverige.
– I detektivarbeidet med desse historiske fotografia har vi fått mykje hjelp av etterkomarane til familien Green, seier Inger Johanne Kvello.
Kvello legg til at det var bruk for hjelp.
– For kvar skal ein byrja når ein får ei eske med glasplater som har lege nokre tiår i eit skap på Levanger, og som hadde tilknyting til ein dokter som reiste frå dei, og frå byen, for over 70 år sidan?
Verdfull hjelp kom frå forfattaren Sidsel Mørch. Ho skreiv ei bok om farfaren, som rømde frå Russland, og som Christian Johannessen hadde som pasient i Hammerfest.
Per Egil Hegge
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Sjukesengene står i ein av søylesalane, under tunge og prektige krystallysekroner frå 1700-talet.
Fleire artiklar
Foto: Terje Pedersen / NTB
Tendensiøs statistikk om senfølger
Myndighetene må anerkjenne at senfølger eksisterer og utgjør et samfunnsproblem.
Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap)
Foto: Javad Parsa / NTB
Bedre forhold for villreinen
Villreinen som lever i fjellområdene i Sør-Norge, sliter. Skal vi lykkes med å snu utviklingen, må vi finne løsninger sammen.
Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».
Foto: Ida Lødemel Tvedt
Krossveg i den georgiske draumen
TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.
Oppsettingar og konsertar er ein viktig og synleg del av skolegangen på musikklinjene. Her frå Hakkebakkeskogen ved Stord vidaregåande skule.
Foto: Stord vgs
Kampen om kunstfaga
Om kunstfaglege linjer ved vidaregåande skolar har livets rett, er ein årleg debatt når elevplassar og kroner skal fordelast.
Lars Elling har skrive eit portrett av venen Stian Carstensen.
Foto: Trond A. Isaksen
Singel og sanatorium
Lars Elling skriv sprudlande, intelligent overskotsprosa
frå sinnets undergrunn.