Militærdokter hos tsaren

Foto frå utstillinga. Mannen i midten er dr. Christian Johannessen i den fyrste verdskrigen.
Foto frå utstillinga. Mannen i midten er dr. Christian Johannessen i den fyrste verdskrigen.
Publisert

Jamvel om det gamle militæranlegget Rinnleiret ligg inna­for kommunegrensa no, er det ikkje mange norske byar som verkar meir fredelege og mindre krigshistoriske enn Levanger. Men søndag, på 100-årsdagen for våpenkvileavtalen som sette punktum for den første verdskrigen, vart det opna ei fotoutstilling av svært spesielle bilete frå denne krigen. Dei har tilhøyrt dokter Christian Johannessen (1875–1959) og vart funne i eit arkivskap på Innherred sykehus for nokre år sidan.

Saman med anna materiale, som eit brev frå sendemann Prebensen i Petrograd i desember 1915, kastar dei lys over ein medisinsk karriere som heldt fram inn i den neste krigen. Da sat Johannessen internert på Falstad, der tyskarane brukte han som lækjar for fangane. Han var kreativ: Fangar som var sjuke, og som hadde lite godt i vente når dei vart friskmelde, fekk falske diagnosar av Johannessen og ein plakat med «Smittefare» på døra.

– Dermed fekk dei vera i fred heilt til Johannessen tok dei med til sjukehuset da han vart sett fri klokka 02.00 natt til 8. mai 1945, fortel Inger Johanne Kvello ved Levanger museum, der mykje av materialet no er utstilt.

Nokre av bileta er frå sjukesalane i Vinterpalasset, der det var operasjonsrom og plass til 1000 pasientar. Fagleg medisinsk sjef var professor Petrov, ein av dei fremste kirurgane i Tsar-Russland. Formelt stod hospitalet under kommando av storfyrstinne Ksenia Aleksandrovna, dotter av tsar Aleksander 3. og søster av tsar Nikolaj 2.

Dei eldste av dei fire døtrene til tsaren gjorde òg teneste som helsepersonell.

Det er også eit gruppebilete av tilsette, oppstilte i den vidgjetne Jordan-trappa, eitt av praktverka til arkitekt Francesco Bartolomeo Rastrelli. Sjukesengene står i ein av søylesalane, under tunge og prektige krystallysekroner frå 1700-talet.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement