Mild vinter og for få underbukser
Lange underbukser var det flust av etter krigen.Lange underbukser var det flust av etter krigen.
Foto: NTB scanpixFoto: NTB scanpix
Om det vert farleg og vanskeleg, spesielt i hovudstaden, med for mykje snø og glatt føre, er det heller ikkje heilt greitt når snøen lèt vera å melda seg. Eg tenkjer ikkje på klimaendringane, men på dei første vintrane på austlandsområdet utan snø for godt 30 år sidan.
Ikkje nok med at det var snølaust og mørkt; mildt var det òg. Ganske snart viste det seg at det var meir enn snø som mangla. Dei som gjekk i butikkar, var forundra, og etter kvart fortørna, over at underty av den litt varme og umoderne typen, helst brukt av kvinner som har lagt den første ungdomen bak seg, ikkje var å få.
Alle slike mysterium har ei årsak; det var berre ikkje så enkelt å finna fram til han. Slik hang det saman: Om vinteren var mild, så ligg vi så nær Nordpolen at tropetemperaturar ikkje truga nokon i kongeriket. Og skulle desse kvinnene som no måtte gjera noko med kroppsnære delar av garderoben, våga seg utom døra, no når det for første gong på lange tider ikkje var is på gatene, trong dei sårt til noko varmt under ytterplagga og inst ved kroppen. Slikt hadde dei lite av i skapet. For vinterstid var dei stort sett ikkje ute; gjerne var det for glatt, og risikoen for beinbrot var stor, jamfør det som kunne lesast her på denne plassen for ei veke sidan.
Situasjonen var ein variant av det gamle visdomsordet om at for mykje og for lite slett ikkje duger.
Kapitalistar rosar seg av at marknadskreftene er smidige, men det hender likevel at det kan ta tid å få skaffa nye varer, og for mange friluftshungrande kvinner vart det no meir inneliv enn dei kunne ha tenkt seg. Og sjølvsagt kom den uvanlege vêrtypen utan garanti for at dette ville henda neste vinter med. Dei trong mangelvarene no. Og dei var ikkje der.
Det er mykje forvitneleg praktisk sosiologi i det som her er skildra. Om vi går attende til dei første etterkrigsåra, vert det enda meir forvitneleg. Etter 1945 var Noreg i ein så vanskeleg økonomisk situasjon at det måtte innførast importkvotar. Valutamangel, rasjoneringskort og forsyningsdepartement er framandord for dei generasjonane som kom seinare. Det galdt meir enn så eksotiske ting som bilar, bananar og appelsinar. Klede var mangelvare, så éi av importvarenemndene fekk til oppgåve å setja opp ei liste over underklede som nasjonen trong. Rettare sagt: halve nasjonen.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.