JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Memoarar

Men i oktober …

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Den danske Olsenbanden-filmen frå 1976, der banden sikrar seg ein kinesisk vase, vart vist i samband med 50-årsjubileet i Danmark.

Foto frå filmen

3403
20181019
3403
20181019

Oktober er den månaden da ting hender, og ikkje for ingen ting er det refrenget i ei av dei beste russiske nidvisene frå Sovjet-epoken: «Men i oktober fekk vi vita at det var ikkje akkurat slik, da fekk vi heile sanninga om han.» Tungegymnastikken er like kravstor og hårreisande som teksten og filosofien: No v oktjabrje njemnozjetsjko togo, i uznali my vsiu pravdu pro nego. Melodien er ei fengjande blanding av russisk folkevise og klezmer – elles kjend som jødisk dixieland.

Det er 1818, 1868 og ikkje minst 1918, men danskane kunne feira eit dundrande kulturelt 50-årsjubileum i helga som var. Det gjorde dei så det mona: Torsdag 11. oktober var halvsekelet gått sidan den første filmen i serien om Olsenbanden hadde premiere. Det vart meir enn dusinet fullt før forfattarduoen Henning Bahs og Erik Balling gav seg. Det kom ein film kvart år. Nordmennene sette krona på verket med Olsenbanden junior så seint som i 2006.

For dei som ser for seg, og høyrer, Arve Opsahl som Egon, skurrar det kanskje groveleg at Olsenbanden skulle vera dansk. Men slik er det altså. Den danske originalversjonen var omgjord til ein norsk variant, og dessutan til den svenske Jönssonligaen. I Tyskland, spesielt i Aust-Tyskland, fekk Die Olsen-Bande kultstatus med fanklubb og alt som høyrer med slik stas og ære, og yngstemann i banden, Jes Holtsø, alias Børge, reiste som vaksen rundt i heile Tyskland som bluesstjerne heilt til han døydde i 2017, 61 år gamal. Samleverket Die Olsen-Bande er så tjukt og leksikalt at berre vektløftarar kan lesa det på senga.

At det kommunistiske Tyskland fekk slik sans for Olsenbanden, er logisk nok. Satiren er kanskje ikkje heilt tannlaus, men ikkje kvassare enn at styresmaktene kunne tola spitorda: Den same sjølvglade tullingen kjem med ein idiotsikker plan, og det gjekk skeis kvar einaste gong. Dei griske, samvitslause og dumme kapitalistane går på limpinnen. Dermed kunne både sjefane og alle dei andre få som fortent. Det same galdt for Bahs og Balling. Dei drog atter til Paris – for å skrive enda eit manuskript.

Vi som er pasjonerte dyrkarar av Olsenbanden, hadde blinka ut det geniale meisterstykket frå 1976, Olsenbanden ser rødt, slik dansk TV 2 hadde gjort til festframsyninga no søndag kveld. Da, i Det kongelige teater på Kongens Nytorv, sikrar gjengen seg ein kinesisk vase i ein operasjon med knipetenger, sprengstoff, sag og sleggeslag som taktfast overdøyver Kuhlaus ouverture til Elverhøj, med Egon Karajan Olsen (Ove Sprogø) som dynamittdirigent med partitur.

Slike høgtidsstunder toler ein repetisjon eller ti, og om ikkje vi skandinavar hadde sete her i den språklege ramnekroken vår ved iskanten, hadde dette vore like vidkjent som Charlie Chaplins briljans på kanten av isbrestupet i gullgravarland.

Eg skal kosta på lesaren og meg eit personleg minne, og ein personleg gevinst, jamvel om det korkje vart kinesisk porselen eller gull frå Alaska i skapet: For snart 20 år sidan hadde eg ein mindre operasjon og trong mest to veker til å koma meg på beina att. Eg sette på éin Olsenbande-film kvar kveld og var frisk som ein fisk da vi var ferdige med den siste. Ingen skadelege sideverknader og heilt minimale trygdeutgifter, i alle fall til medisin.

Berre pur glede og litt ekstra strekk i lattermusklane.

Så kunne oktobermørkret ha det så godt.

Per Egil Hegge

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

At det kommunistiske Tyskland fekk slik sans for Olsenbanden, er logisk nok.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Christine Hope, Thomas Bye og Gisle Børge Styve står på scenen i revyen om E16.

Foto: Andreas Roksvåg

TeaterMeldingar

Syltynt

E16 Dødsvegen er ei framsyning som har lite å melde – og som melder det i over halvannan time.

Jan H. Landro

Ein soldat ber eit portrett av den drepne våpenbroren og aktivisten Pavel Petrisjenko i gravferdsseremonien hans i Kyiv 19. april. Petrisjenko døydde i kamp mot russiske okkupantar aust i Ukraina. Han er tidlegare omtalt i denne spalta fordi han arbeidde for å stogge pengespel som finansiering av det ukrainske forsvaret.

Foto: Valentyn Ogirenko / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Hagen til Kvilinskyj finst ikkje lenger

Alle historier, det gjeld òg dei som ser ut til å ha nådd slutten, har eit framhald.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis