Masaryks minne
30 prosent av dei tsjekkiske veljarane sa ja til Andrej Babis, og hans JA fekk tre gonger så mange røyster som noko anna parti.
Foto: David W. Cerny/Reuters/NTB scanpix
Eg skal nok halde auge med dykk, sa den første tsjekkoslovakiske landsfaderen Tomas Masaryk da han gjekk av som president like før jul i 1935, nær 86 år gamal.
Han døydde mindre enn to år seinare. Dermed slapp han å oppleva det audmjukande München-forliket i 1938, der den britiske statsministeren Neville Chamberlain trudde han hadde sikra «fred i vår tid» med ei avtale med Adolf Hitler over hovudet på tsjekkoslovakane. Eit halvt år seinare, i mars 1938, marsjerte dei tyske styrkane inn i Praha. Böhmen og Mähren – det som i dag er den tsjekkiske republikken – vart eit tysk protektorat heilt til mai 1945, ei tid da det hadde vore alt anna enn fred.
Laurdag er det 99 år sidan den tsjekkoslovakiske republikken tok plassen sin på Europa-kartet. I oktober 1918 var Masaryk sjølvskriven som den første presidenten og fekk seinare ein stor statue på festningsområdet i Praha. Men minnesmerket kunne ikkje stå der, korkje under krigen eller etter det kommunistiske kuppet i februar 1948.
Det vert nok ståande no, slik det har gjort sidan atterreisinga i 1990. Men valsigeren som Trump-kapitalisten Andrej Babis sikra seg for seks dagar sidan, vil få dei færraste til å tenkja på den ruvande historikaren og filosofen Masaryk. Så får han ikkje presidentstolen heller, der sit Milos Zeman. Babis ligg godt an til å verta ny regjeringssjef.
Babis har den eine likskapen med Masaryk at han kombinerer ein tsjekkisk og ein slovakisk bakgrunn, godt dynka med utlandsperiodar og skolegang i Frankrike og i Sveits. Partiet hans heiter ANO 2011, som kan omsetjast med JA 2011.
30 prosent av veljarane sa ja til Babis, og hans JA fekk tre gonger så mange røyster som noko anna parti. Leiaren for kommunistane måtte vedgå at han hadde sikra seg mange veljarar frå venstresida med eit populistisk program som vart ein magnet både for dei som i grunnsyn soknar til venstre- og høgresida i republikken.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.