Mannen som hadde sjølvironi ¿

Ambassadør Thorvald Stoltenberg oppmuntra studentane til å leve ut draumane sine, og fekk sjølv møte jentekoret Sangria da han opna Næringslivssymposiet på Norges Handelshøyskole i Bergen i 1997.
Ambassadør Thorvald Stoltenberg oppmuntra studentane til å leve ut draumane sine, og fekk sjølv møte jentekoret Sangria da han opna Næringslivssymposiet på Norges Handelshøyskole i Bergen i 1997.
Publisert Sist oppdatert

Lytt til artikkelen:

Førre veka var det eitt år sidan Thorvald Stoltenberg gjekk bort. Sjølv til Noreg å vera vanka det svært mange gode og venlege ord i minneartiklane, og det var grunn til å sitera det han ofte sa: «Kritikk er nyttig og naudsynt. Men eg synest no best om ros. Slik har eg det.»

Når han snakka alvor, og det gjorde han oftare enn han hadde ry for, gav han meir enn gjerne ei utgreiing om det vakraste ordet han kjende: kompromiss. For jamvel om han hadde klåre standpunkt som han kunne forsvara utan omsyn til taletid og ordstyrarklubbe, var han overtydd om at det ikkje vert løysing på nokon konflikt dersom alle partane grev seg ned i skyttargropene utan vilje til eller plan om å jenka seg litt.

Den trua greidde ikkje alltid prøva i praksis, men han heldt fast på ho. Det hadde seg slik at eg vart send av garde til det som ein gong var Jugoslavia seinhaustes i 1993 for å intervjua han om «Thorvalds jul». Da var han meklar i oppløysingskonflikten i eit land han kjende godt, og han hadde nettopp bestemt seg for ikkje å reisa heim til Oslo til jul. Det låg meir plikt enn optimisme bak, men som politikar og diplomat visste han at det er noko som heiter signaleffekt.

Ikkje alltid gjekk det bra. Han kunne skratta over det meste som slo feil for han, men det låg tungt vemod kvar gong han drog fram minnet om ein pedagogisk freistnad frå det han visste om nordisk politikk. Han sat saman med nokre av dei jugoslaviske partnarane ein kveld og meinte dei hadde noko å læra av det fredelege Skandinavia:

– Sjå på Danmark og Sverige! Krig etter krig, hundreår etter hundreår. På 1600-talet var Norden Europas Balkan, ikkje noko mindre. Og ved fredsavtala i Roskilde i 1658 tok svenskane store delar av det søraustlege Danmark: Skåne, Halland og Blekinge. Dei to landa er vener og samarbeider godt i dag, så godt at dei snakkar same språket, både bokstavleg og politisk. Eg meinte det var lærdom å henta her. Veit du kva dei sa? Dei spurde: «Kva tid har danskane tenkt å gjera noko?» Ikkje kva dei hadde tenkt å gjera, for det var opplagt. Nei, «kva tid?» var det einaste vettuge spørsmålet. 1658 er eit mykje ferskare årstal enn 1389, da serbarane tapte mot tyrkarane på Kosovo-marka, og det var i friskt minne i Beograd og rota til eit uløyst problem.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement