Utsyn frå Inderøy
Måndag vert den amerikanske presidenten vald
Joe Biden førebur seg på å verte den neste presidenten i USA.
Foto: Joshua Roberts / Reuters / NTB
Den som enno trur at den nye presidenten i USA vart utpeika for snart seks veker sidan, bør gje seg tol heilt til måndag 14. desember. Det er da dei 306 valmennene som etter valresultatet har plikt til å røysta på Joseph R. Biden, formelt skal kåra han til statsoverhovud. Taparen, Donald Trump, hadde så seint som denne veka ikkje godteke det syrgjelege utfallet, og framleis heldt han fast ved at han vart attvald, trass i at han fekk over sju millionar færre røyster enn Biden.
Ved ei rekkje juridiske krumspring ville Trump og rådgjevarane hans ha det til at valet i somme delstatar skulle gå om att eller annullerast, og republikanske politikarar fekk høyra – av Trump personleg – at slik hadde det vorte dersom til dømes guvernøren i Georgia hadde «forstått noko som helst av det han var sett til å gjera». Trump, som er president heilt til 20. januar neste år, la for godt måls skuld inn eit par banneord i denne konklusjonen, slik at veljarane skulle skjøna alvoret. Det vil knapt hjelpa, men ingen republikanar skal klaga over at Donald Trump ikkje har gjort seg umake.
Så seint som første helga i desember hadde Trump altså ikkje gjeve opp kampen for at fleirtalet av veljarane i eit halvt dusin delstatar i realiteten skulle fråtakast røysteretten fordi dei ikkje hadde røysta slik dei etter hans meining burde, og at den 45. presidenten dermed hadde vorte frårana valsigeren. Denne veka var det berre 27 av republikanarane i Kongressen som meiner at Trump ikkje vann valet. Detaljane ved slike kreative vurderingar er reserverte for nerdar, framfor alt for den eksklusive gruppa som er ekspertar på presidentvalet i 1876. Da vart Rutherford Hayes kåra til president, og akrobatikken ved oppteljinga låg på eit slikt nivå at Hayes framleis har oppnamnet «His Fraudulency» i dei historiske annalane. Ikkje vart han attvald, han heller. Heiderstittelen hans kan vanskeleg omsetjast, men vi kjem nokolunde nære med «Hans svindelekvilibristiske toppsjef».
Eigenleg er dette ei sak for William Shakespeare, og det manglar nesten ingen ting på at han har skrive dramaet ferdig. Ved månadsskiftet trykte Washington Post ein minneartikkel om ein psykiater som arbeidde for den amerikanske etterretningsorganisasjonen CIA. Jobben hans var å skriva psykiatriske profilar for presidenten, og Jimmy Carter var mellom dei som hadde stor sans for han. Om Donald Trump skreiv han at han er eit klassisk eksempel på ein reindyrka narsissist. Det var det siste han gjorde før han fekk korona og døydde. Det var i strid med stillingsinstruksen å skriva om folk han ikkje sjølv hadde observert på nært hald. Da han hadde essayet sitt ferdig, sa han at «dei må så gjerne ekskludera meg frå psykiaterforbundet, det er det verste som kan henda meg, og det toler eg vel, sidan eg vart pensjonist for ikkje så lenge sidan».
Shakespeare har skrive om kong Lear, den stormannsgale monarken som berre har fiendar, og dei forfylgjer han.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.