JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Memoarar

Leve Akademien!

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Svenska Akademiens høgtidssamkome i samband med nobelprisutdelinga i 1999.

Foto: Claudio Bresciani / NTB scanpix

3625
20181207
3625
20181207

Etter eit nokså viltert år vil mange ha tenkt at no kan det ikkje henda meir gale i Svenska Akademien. Men som opptakt til nobelmåndagen markerte den over 200 år gamle institusjonen De aderton (som har skrumpa inn til om lag tolv no) at kapasiteten for skandalar og påhitt framleis stig og stig mot nye høgder.

Dermed vert den skuggen som Akademien har kasta over seg sjølv – og dessutan over nobelprisen i litteratur – enda mørkare og lengre enn skuggar plar vera på våre breiddegrader denne månaden. Då snur sola omsider for alle oss andre. Men ikkje for Svenska Akademien. Og ikkje for nobelprisen.

Kranglinga ligg på eit slikt nivå at ho kunne fortent sin eigen kverulantpris. Men det er ikkje nok at inga kunngjering om litteraturpris kjem i år. Til svensk TV har Horace Engdahl, fast sekretær i Akademien frå 1999 til 2009, sagt at «eg veit ikkje om menn passar betre til å sitja i slike forsamlingar, eller om dei toler påkjenningane betre når kampen rasar». Han «veit» det nok, men det er godt sagt, frå det toppintellektuelle senteret i ein organisasjon som strevar med å halda armlengds avstand til ein «kulturprofil» som no sit bura inne etter to valdtektsdomar. Engdahl meiner det er for hardt. Kvinnfolk må da tola såpass, jamvel om komitéarbeid er for mykje for stakkarane?

At 69-åringen – som fyller 70 vesle nyårseftan – er overtydd om at han sjølv passar til å sitja i Svenska Akademien med alle privilegium (gratis luksusbustad og middag på tallerk med gullkant kvar torsdag på Gyllene Freden i Gamla Stan, på livstid), er det ingen tvil om. Men det duger ikkje å lesa Engdahl, eller sjå han på fjernsyn. Han har eit sjølvbilete som kan gjera Mount Everest til dverg. Eit bleikt inntrykk av denne verdsoppfatninga fekk vi i oktober kvart år i førre tiåret, når han kom inn frå bakrommet i Nobelstiftelsens praktvilla og las kunngjeringa om den litterære stjerna som hadde funne nåde for De adertons usjølviske og bomsikre blikk denne hausten. Det var ein spesiell klang i røysta hans når han kom til endes: Alltid avslutta han med den russiske versjonen. Folk som talar russisk, har av ein eller annan grunn lett for å tru at dei er geniale. Dei tek ofte feil, spesielt når dei skal vurdera seg sjølv. Så god er Engdahls vurderingsevne at han skreiv ei motbok då den fråskilde kona hans, kritikar og litteraturforskar som han, kom med eit bokverk om at det ikkje var nokon stas å vera gift med han.

August Strindberg skreiv òg kritisk, for ikkje å seia hatsk, om kvinner som han hadde trøytna på og av. Men han kunne i det minste skriva utan at nokon ville finna på å kalla han ein jålebukk.

Som Moskva-korrespondent for Aftenposten og Svenska Dagbladet for eit halvsekel sidan hadde eg litt å gjera med Svenska Akademien da Aleksandr Solzjenitsyn fekk nobelprisen i litteratur i 1970. Dei som sat der da, er stort sett borte, og dei kan ikkje forsvara seg. Men eg tumla lenge med spørsmålet: «Kor lenge kan dei driva på slik før det berre ligg knust porselen og ry att på golvet – og lite meir?»

Svaret var 50 år, rundt rekna.

Horace Engdahl vil nok sjå det som blodig urettvist dersom han skulle verta fråteken dei livslange særrettane sine og den gode middagen kvar veke. Å få høyra at det går an å spandera på seg eit augnekast mot nabolandet, som deler ut fredsprisen, er nok for drygt for du gamla, du fria. Dei som sit i komiteen i Oslo, sit ikkje så lenge at dei ikkje meir veit kvar dei er, eller kvifor. Dei får 40.000 kroner i året. Norske, sant nok.

Og i tillegg éin kulepenn kvart år.

Per Egil Hegge

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Kranglinga ligg på eit slikt nivå at ho kunne fortent sin eigen kverulantpris.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Ida Lødemel Tvedt

Lars Elling har skrive eit portrett av venen Stian Carstensen.

Foto: Trond A. Isaksen

BokMeldingar
Odd W. Surén

Singel og sanatorium

Lars Elling skriv sprudlande, intelligent overskotsprosa
frå sinnets undergrunn.

Oppsettingar og konsertar er ein viktig og synleg del av skolegangen på musikklinjene. Her frå Hakkebakkeskogen ved Stord vidaregåande skule.

Foto: Stord vgs

MusikkKultur
Helga JohanneStørdal

Kampen om kunstfaga

Om kunstfaglege linjer ved vidaregåande skolar har livets rett, er ein årleg debatt når elevplassar og kroner skal fordelast.

Den norske fiskeflåten er mangfaldig. Her er ringnotfartøy ved kai i Egersund våren 2017.

Foto: Per Anders Todal

Samfunn
Per Anders Todal

Fiskar er fiskar verst

Striden om kvotemeldinga kan få Fiskarlaget til å rivne.

Sviskadar frå maneter kan vere smertefulle og gje store skadar på oppdrettsfisk.  I 2023 døydde fleire millionar laks etter angrep av perlesnormaneter (Apolemia uvaria).

Foto: Mattilsynet

DyrFeature

Den sure svien

I fjor vart angrep av maneter brått rekna med som ei av dei fem viktigaste årsakene til laksedauden, korleis kan noko slikt skje?

Arve Nilsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis