JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Memoarar

Levande historie

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Filmen Some like it hot frå 1959 vart spelt inn ved Hotel del Coronado i San Diego med Marilyn Monroe i ei av hovudrollene.

3841
20190301
3841
20190301

Den eine av dei tre romanane som Franz Kafka skreiv, heiter Amerika, og det var eit slit. Det er det for lesaren òg. Kafka kom seg aldri utafor Europa, helsa skranta, og kva skulle han skriva om? Så gjorde han den tyske 16-åringen Karl til hovudperson med eit yrke som ikkje lenger finst: Karl vert kasta ut i det amerikanske arbeidslivet som heisgut.

For den som har lese Prosessen, er Amerika ein nedtur. Det same kan seiast om det utvandringsprosjektet som Kafka har skruva saman i romanen. For Karl har vorte utstøytt og tvangseksportert til USA av dei besteborgarlege i familien hans. Dei risikerte skandalisering fordi hushjelpa hadde vore altfor imøtekomande mot Karl – med svangerskap som konsekvens. Ut med han!

Etter moderniseringa og automatiseringa dei siste hundre åra, for ikkje å nemna all utdanninga, greier dei fleste no å trykkja på rett heiseknapp av eiga kraft. Det er truleg grunnen til at ein skal leita lenge etter heisgutar i våre dagar. Vi fann ein i California i februar. Sant nok var det ei spinkel jente, som har arbeidsplassen sin på ein svært så historisk stad: det namngjetne Hotel del Coronado i San Diego, nær grensa til Mexico.

Dette er ei av dei største trebygningane i verda, kanskje den største, og namnet er meir ironisk enn gjestane flest veit. Til gjengjeld toler budsjettet deira trykket, for prispolitikken er den enkle amerikanske: «Om du må spørja kor mykje det kostar, har du ikkje råd.» I den legendariske baren, der disken er 17 meter lang, kan du kan få ein kopp kaffi til 70 kroner – men da må du henta han sjølv, i pappkrus. Ein russisk forretningsmann sat der med familien da vi var innom, og han hadde ingen vanskar med rekninga, etter det vi kunne sjå. Antrekket hans, treningsdrakt, var akseptabelt, det med. Men så var merket forsvarleg dyrt, og sveittelukta ikkje sjenerande.

El Coronado betyr «den som er krona», og det var på akkurat dette hotellet at prinsen av Wales, som i 1936 skulle verta kong Edward 8., hadde møtt ei to gonger fråskild sosietetsdame frå Baltimore, Mrs. Simpson. Før det kom så langt som til kroning, hadde han bestemt seg for at henne ville han gifta seg med. Ho rekna vel med at det ville gå bra tredje gongen. Dette førte til at han sa frå seg retten til trona, det vart konstitusjonell krise i Storbritannia, og den elleve år gamle prinsessa Elizabeth vart tronarving. Somme avgjerder har fylgjer på lang sikt.

I dag er det einaste synlege sporet etter dette lagnadstunge møtet for tre generasjonar sidan ein cocktail som heiter «få av deg smokingsløyfa», og dette er sikkert ei historisk velgrunna samanfatning av ein situasjon som hadde sine dramatiske sider. Som språkleg kontrapunkt til «Coronado» har det litterær kvalitet.

Litt meir historie er det likevel å finna enn cocktailmenyen og den tynne, pent friserte heisgutjenta: I ein av korridorane er det eit stort fotografi av president Franklin D. Roosevelt, truleg teke i første perioden hans i 1930-åra. Han sit sjølvtrygg og smilande i bilen, det var på den tida da pressa var disiplinert og ikkje nemnde at han var lam av poliomyelitt og ikkje kunne gå normalt. Næraste «nabo» er eit nyare foto i lekamsstorleik av ei påfallande stilig dame. Ho har kvit drakt og går med mandige, lange, ja, mannhaftige steg. Det gjer ho på bein som Vårherre har vore umåteleg heldig med, og det er noko kjent med andletet. Ho viser seg å vera Marilyn Monroe, og så må det meir korrigering til: Det maskuline ved henne var ikkje det som slo meg, ikkje i yngre år heller.

Oppsummert: Til San Diego reiser ingen til fånyttes, anten den intellektuelle bagasjen byr på eit mindre vellykka verk av Franz Kafka, ein porsjon britisk monarkihistorie eller ufullstendige minne om ei filmstjerne som ikkje eingong nådde Kafkas alder.

Per Egil Hegge

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

For den som har lese Prosessen,
er Amerika ein nedtur.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Foto: Julie Pike

LitteraturFeature

– Eg kan ikkje sovne inn i mitt eige liv

Ein abort gjekk frå å vere nemnd i forbifarten til å gje den nyaste romanen tittel.

IdaFrisch

Eugenio Derbez spelar hovudrolla som den nye læraren Sergio på ein mexikansk skule.

Foto: AS Fidalgo

FilmMeldingar

Simpatico

Radical er ein søt, håpefull film og ei rørande hyllest til kunnskap og pedagogikk.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis