Kva skal vi gjera med Lenin?
Både i Revolusjonsmuseet i Moskva, like ved Den raude plass, og i Revolusjonsmuseet i Leningrad stod det i gamle dagar ei svært knapp namneliste over dei som var med i den første kommunistiske regjeringa, utnemnd i november 1917. Regjeringa heitte Rådet av folkekommissærar (Sovjet Narodnykh Kommissarov), og «desse er med: 1. V.I. Lenin (formann).»
Så var det ikkje fleire.
No var det sjølvsagt det, men bortsett frå den siste var dei alle stempla som folkefiendar og avretta. Dermed var dei ute or soga, og det mykje grundigare enn dei Snorre pleidde heidra med nettopp den svært så avsluttande helsinga. Den siste på lista i 1917 var kommissæren for nasjonalitetssaker, J.V. Stalin. Han vart aldri folkefiende, i alle fall ikkje offisielt. Men etter at han vart lagt i mausoleet ved Kreml-muren i 1953, og enda meir etter at han vart lempa ut derifrå i 1961, kunne heller ikkje han nemnast. Rettinga av namn greip slik om seg at til og med heltebyen Stalingrad måtte døypast om til Volgograd.
Det er som ein klok mann – mange kloke menn – har sagt: I Russland er ikkje berre framtida, men også fortida, uføreseieleg.
No er det vanskeleg for styresmaktene å finna ut kva dei skal seia om Lenin. Det er hundreårsdag for bolsjevikkuppet 7. november. Det var den store høgtids- og festdatoen i Sovjetunionen. At det var Leo Trotskij som leidde sjølve kuppet, var – skal vi seia – underkommunisert, etter at han vart utmanøvrert av Stalin, send i eksil og til slutt fekk ei isøks i skallen i august 1940.
Dyrkinga av Lenin var ei religionserstatning, med vakre barnesongar som «Lenin lever, han vil alltid vera med oss» og slagord som «Lenin levde, Lenin lever, Lenin vil alltid leva».
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.