JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Memoarar

Kva journalistikk kan føra til

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Dei tidlegare journalistane Chrystia Freeland til venstre, og Boris Johnson (til høgre) poserer med det nye lauget sitt, utanriksministrane, på G7-møtet i år.

Foto: Riccardo Dalle Luche/NTB scanpix

3885
20170630
3885
20170630

Journalistyrket kan gjera deg til kva det skal vera, berre du har vett til å slutta medan tid er. Dette er eit gamalt visdomsord, og somme bladfykar har våga spranget til eit anna yrke. Nokre har gått inn i politikken, og da ikkje som rådgjevar eller øyrekviskrar, men som regjeringsmedlem.

Det er eit stort og dristig steg, både for den som utnemner og for den som vert utnemnd. Og som så mange andre bråe kast i livet, er det alt anna enn risikofritt.

Eg veit om tre yrkesbrør – ei av dei er yrkessyster – som har fått ansvaret for utanriksdepartementet i heimlandet sitt. For to av dei har det gått svært bra, for den tredje er det meir uvisst, men alle er interessante menneske i over all måte interessante situasjonar.

Den eine har vore aktiv pensjonist nokså lenge, men Uffe Ellemann-Jensen, årgang 1941, var dansk utanriksminister frå 1982 til 1993. Han fekk vera med på å avvikla den kalde krigen, der han som student hadde ei løynd rolle som alt anna enn journalist, med fleire interessante reiser til Polen og Aust-Tyskland. Det var heller ikkje mange millimeter om å gjera at han skulle ha vorte statsminister i 1993, men han tapte på målstreken. Spesielt audmjukande var det at han kasserte inn sigeren på førehand.

Men éin drabeleg siger fekk han: da statsminister Olof Palme sommaren 1983 dumma seg grundig ut ved å avbryta ferien og gi ein pressekonferanse i treskor for å samanlikna den danske regjeringa – som hadde bora etter olje litt for nær den svenske vestkysten – med juntaen i Buenos Aires, som hadde laga invasjon på Falklandsøyane året før. Det var ikkje Palmes stoltaste stund.

Den andre utanriksministeren med pressefortid er Boris Johnson i London. Han var like uregjerleg som Brussel-korrespondent for The Daily Telegraph som han hadde vore som student i Oxford, eller vart som borgarmeister i London og ein av toppmennene i «ut av EU» i 2016. Det siste gjekk ikkje som planlagt; han var på vinnarlaget, og brått og uventa vart det kravd av han at han måtte ha ein politikk. No er han mykje på reise, og det er greitt for alle, særleg for statsminister Theresa May.

Johnson har arbeidd i The Times òg. Der fekk han sparken etter sitatfusk. Men rett skal vera rett: Han har fått journalistprisar.

Den tredje er i ein heilt annan divisjon: Chrystia Freeland (f. 1968) vart kanadisk utanriksminister i januar, etter to år som handelsminister. Ho har studert både ved Harvard og i Oxford, talar eit halvt dusin språk og var ein briljant Moskva-korrespondent for Financial Times i slutten av 1990-åra. Sidan arbeidde ho for Toronto Globe and Mail, både som korrespondent i Kiev og som sjefredaktør, før ho stilte til val i parlamentet i Ottawa i 2013. Da hadde ho skrive to bøker i toppklasse: Sale of the Century (2000), om den barske overgangen til kapitalisme i det som ein gong hadde vore Sovjetunionen, og Plutocrats: The Rise of the New Global Super-Rich and the Fall of Everyone Else (2012). For den siste har ho fått fleire prisar.

Namnet Chrystia fortel om ein ukrainsk bakgrunn, og mellom politikarane ho har fillerista, er den korrupte ekspresidenten i Ukraina, Viktor Janukovitsj, som stakk av frå luksushusa og vodkaflaskene sine i Kiev og no bur i Russland. Freeland har «hytte» i hovudgata i Kiev. Det ukrainske eksilsamfunnet i Canada er så stort, og har så sterk posisjon i landet, at ho har ankerfeste for djup skepsis både til Vladimir Putin og til sympatien Donald Trump nærer for kameraten i Kreml.

Ho har alt signalisert at Canada må ha eit nærare samband med EU; ho kjenner seg alt anna enn trygg på Washington. Spesialstudium av, og bok om, dei superrike kan koma til nytte, kva ein no elles vel å bruka livet sitt til. Dessutan er ho gift med ein pressemann. Betre kan det knapt verta.

Per Egil Hegge

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Nokre har gått inn i politikken, og da ikkje som rådgjevar eller øyrekviskrar, men som regjeringsmedlem.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Olfa og døtrene i den Oscar-nominerte dokumentarfilmen som Kaouther Ben Hania har både manus og regi på.

Foto: Arthaus

FilmMeldingar

Venleik og udyr

Den vakre og vonde dokumentaren til tunisiske Kaouther Ben Hania er stor filmkunst, skriv Håkon Tveit om Olfas døtre.

Håkon Tveit

Christian Treutmann-orgelet frå 1737 i stiftskyrkja St. Georg i Grauhof.

Foto via Wikimedia Commons

MusikkMeldingar
Sjur Haga Bringeland

Monumental pedal

Masaaki Suzukis frasering gjev rom for smertelege dissonansar.

Det oppstår misvisande biletet av at covid-19 forårsakar Alzheimer, meiner Preben Aavitsland ve FHI.

Foto: Erik Johansen / NTB

Ordskifte
PrebenAavitsland

Meir om seinfølgjer

Den årlege rapporten FHI har publisert, syner at dødeligheita blant personar under 40 år har vore nokså stabil sidan 2015.

Gukesh kan verta den klart yngste verdsmeisteren i historia. Carlsen var nesten fem år eldre då han vann kandidatturneringa og vart verdsmeister i 2013.

Foto: Maria Jemeljanova / Fide

SjakkKunnskap
Atle Grønn

«Sjølv har eg heller aldri sett ein så mogen 17-åring, korkje på eller utanfor sjakkbrettet.»

St. Vincent er artistnamnet til Annie Clark.

Foto: Alex Da Corte

MusikkMeldingar

Ditt første andedrag er eit skrik

På plata All Born Screaming vender St. Vincent tilbake til, og reindyrkar, det som for mange har definert det kunstnarlege uttrykket hennar.

Øyvind Vågnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis