Kulturkveld på Inderøyn

Som åtteåring var Per Egil Hegge sakkunnig konsulent for denne boka til inderøyforfattaren Mary Hegge.
Som åtteåring var Per Egil Hegge sakkunnig konsulent for denne boka til inderøyforfattaren Mary Hegge.
Publisert Sist oppdatert

Da president Bill Clinton runda femtiårsmerket like før tusenårsskiftet, sa han at han no var komen så langt at det var meir å sjå attende på enn det var å sjå fram til. Det var kanskje meint som eit visdomsord, men ein veit aldri: Clinton er nokre veker yngre enn Donald Trump. Den siste rakk å fylla 70 før han vart statsoverhovud i USA, og han har da visst ikkje tenkt å gje seg på ei stund enno.

Ved det årsskiftet vi nett har lagt bak oss, valde eg å sjå meg attende, på det gamle året. Eg freistar å halda meg unna det ordtaket som ein russisk ven sende med meg ein gong: «Du må ikkje gløyma at vi russarar bur i det einaste landet der ikkje berre framtida, men også fortida, er ukjend og uføreseieleg.»

Så da nyårsklokkene ringde, fall eg i tankar om noko spesielt, svært spesielt, som eg opplevde i 2019. Og for éin gongs skuld handlar denne spalta om det som står i overskrifta: Inderøy.

I slutten av september i fjor var eg innbeden til den gamle heimbygda mi til ein kveld på kulturhuset. Det er eit bygg som bygda kan vera stolt av: bibliotek, møtesal, øvingsrom og kafeteria – slik det sømer seg for årets kulturkommune i 1996. I 2019 var det 500-årsjubileum for den første bokutgjevinga i kongeriket, og dei to forfattarane som Inderøy kan rosa seg av, skulle vera tema for ein kulturkveld. Eg var invitert som ekspert på den eine: Mary Hegge (1908–2001). Ho skreiv barnebøker, og eg var som åtteåring sakkunnig konsulent for den første: Beritungen. Ho fullførte boka eit år ho låg til sengs med ein nyresjukdom som vart kurert fordi dr. Kjølmoen i sin visdom kapitulerte for maset frå far min og skreiv ut resept til henne på appelsin – som vi elles, i dei første etterkrigsåra, berre fekk til jul.

Ikkje berre vart ho frisk, boka fekk 2. premie frå Kyrkje- og undervisningsdepartementet, og for prispengane tok ho med seg konsulenten på tur til Stockholm, der ho hadde ei syster.

På kulturkvelden i fjor kom det svært mange av dei gamle elevane hennar frå folkeskolen, og det lét til at dei hugsa boka betre enn den aldrande konsulenten gjorde. Men det hender altså at litteratur har lang levetid.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement