Kongeparet på biltur i Oslo
Kong Harald og dronning Sonja på køyretur gjennom Oslo i den klassiske Buicken A1 17. mai.
Foto: Cornelius Poppe / NTB scanpix
Eg har alltid hatt litt tungt for å skrapa saman medkjensle for republikanarane mellom mine norske landsmenn. Kanskje kunne dei fortent det, for på fleire måtar har dei rett. Dei skriv til og med resonnementssterke bøker om kor ikkje-demokratisk monarkiet er. Det hjelper berre så lite. Det står ikkje til å nekta at monarkiet er ei forelda styreform, slik dei seier. Og om vi gjorde det tankeeksperimentet at vi i året 2020 framleis var i union med Sverige og skulle ha folkerøysting om styreform fordi vi ville ut i år, er det utenkjeleg at monarkiet ville få 75–80 prosent fleirtal, slik det gjorde i 1905. Det året var ikkje berre Fridtjof Nansen og statsminister Christian Michelsen republikanarar. Mange andre store menn var det òg, og finansminister Gunnar Knudsen gjekk ut av regjeringa sommaren 1905 for å gi vekt til meiningane sine. Men duoen Nansen og Michelsen var råbarka realpolitikarar; dei visste at det ville vera nyttig med ei hjelpande hand frå Storbritannia, og så fekk det heller vera det same med prinsippa.
Det som strøydde sand i maskineriet og det innarbeidde 17. mai-ritualet i år, var eit virus som knappast kunne ha hatt eit meir monarkisk namn: Korona er det latinske ordet for krone, og her snakkar vi ikkje om mynt. Det hjelpte ikkje at barnetoget i Oslo vart avlyst, kongefamilien kom på balkongen likevel, og når skoleelevane ikkje kunne koma til slottet, som dei årvisst plar gjera, fekk dei som held til på slottet, ta seg ein tur på byen.
Monarkiet er utan politisk makt i vår tid, men så visst ikkje utan symbolikk og kontinuitet. Så når kongeparet no søndag la ut i gatene i hovudstaden i nett den Buick-bilen som kong Haakon brukte i Oslo 7. juni 1945, trengst ingen ordforklåringar. Ute på Skaugum, før byturen, vart A1-en frå junidagen for 75 år sidan brukt av kronprinsparet, eit sterkt symbol på at det, når den tida kjem, er meir kontinuitet i vente. Utan den har monarkiet inga meining.
Og nett det er styrken ved monarkiet for oss som ikkje er republikanarar. Det veikaste punktet er kanskje at monarken ikkje har råd til å gjera feil. Utan unntak treng alle vi andre litt slakk på akkurat det punktet, frå regjeringssjefar og heilt ned til dei som sit i kommunestyra. Greiast er det sjølvsagt om dei – les vi – ikkje gjer tabbar og ikkje dummar oss ut, men er det ikkje for ille, og kjem vi ikkje på kant med straffelova, får vi ein dag i morgon. Monarken har ikkje den marginen.
Det mest pedagogiske dømet eg veit om, har eg frå 1968. Den vesttyske presidenten da heitte Heinrich Lübke. Han var ein symbolfigur, slik han skulle vera etter den vesttyske grunnlova. Men han var ikkje heilt i form lenger, og på ei innanlandsreise skulle han halda tale i ein mindre by. Han starta rutinemessig: «Det er ei stor glede for meg i dag å vera her i …» Så hadde han gløymt kvar han var, og han vart ståande og stotra: «her i …eh … her i …» Hjelpsame tilhøyrarar tok til å ropa namnet på byen. Men presidenten høyrde ikkje så godt lenger, heller, og han var ikkje i stand til å oppfatta kva byen heitte. Det vart meir stotring.
Verda er ikkje annleis innretta enn at det sikkert kan gå like gale for ein monark. Kong Olav var nervøs for det og dreiv hjernetrim ved å løysa matematiske likningar.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.