Klaverstykke for strykarar

Ssens Trio spelar Bachs Goldberg-veriasjonar for strykarar. F.v. Sølve Sigerland, Henninge Landaas og Ellen Margrete Flesjø.
Ssens Trio spelar Bachs Goldberg-veriasjonar for strykarar. F.v. Sølve Sigerland, Henninge Landaas og Ellen Margrete Flesjø.
Publisert

Når eit musikkstykke er skrive for solo klaver (Clavier-Übing nr. IV, for å nytta Bachs originalspråk), kvifor skal det da skrivast om til eit stykke for strykartrio?

Spør ikkje meg; eg la fela på hylla for over 60 år sidan, og det var ikkje noko tap, ikkje for meg og enda mindre for musikklivet. Men dei som sette seg ned i den minste av to hagestover i Villa Grande på Bygdøy no søndag, hadde ingen grunn å klaga over at den russiske musikaren Dmitrij Julianovitsj Sitkovetskij gjorde nett det i 1984. Da var verket, Goldberg-variasjonane, 243 år gamalt, Sitkovetskij var 30, og seinare har det vore omarbeidd (transkribert) både for strykeorkester, obo og harpe og meir til. Desse variasjonane har framleis, som så mykje av Bach, eit rikt og – ja, nettopp – variert liv.

Som namnet seier, tyder det meste på at Bach skreiv verket for ein av elevane sine, Johann Gottlieb Goldberg. Han var musikar hos ein adelsmann i kulturbyen Dresden, ikkje altfor langt frå den like store kulturbyen Leipzig, der Bach residerte, doserte, komponerte og dirigerte. Adelsmannen hadde vanskeleg for å få sova, og han ville gjerne at den unge Goldberg skulle spela for han om natta, som sovemedisin. Stykket krev sine fem kvarter, litt avhengig av tempo, og var sikkert meir helsesamt enn det meste av det som fanst og finst på marknaden.

Dmitrij Sitkovetskij vart fødd i ein annan kulturhovudstad, Baku, i 1954. Familien flytta til Moskva tre år seinare da far hans, ein kjend fiolinist, døydde. Der fekk guten med kvart ei solid sovjetisk musikkutdanning. Dei som meiner at Baku er meir vidgjeten som oljeby, har vel rett, men det stod no Baku på fødselsattesten til cellisten Mstislav Rostropovitsj i 1927 òg, eller på det tilsvarande dokumentet til sjakkspelaren Garri Kasparov, for berre å nemna to, og på bridgespelaren Ranik Halles papir (sant nok eit noko meir kaspisk namn, men det vart fornorska). Så folk kan vera meir enn allsidige nok på dei kantane.

Og Sitkovetskij vart mellom anna dirigent i Irland ei tid.

Tilbake til Villa Grande, Quislings residens under okkupasjonen og holocaustmuseum i dag. Tidene skifter framleis. Denne haustsøndagen vart verket i strykarversjon framført der, av den norske Ssens-trioen – eit litt spesielt namn, men denne gruppa har etter kvart fått ein posisjon også utanfor heimlandet sidan stiftingsåret i 2014. Dei tre er fiolinisten Sølve Sigerland, bratsjisten Henninge Landaas og cellisten Ellen Margrete Flesjø.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement