Klaverstykke for strykarar
Ssens Trio spelar Bachs Goldberg-veriasjonar for strykarar. F.v. Sølve Sigerland, Henninge Landaas og Ellen Margrete Flesjø.
Foto: Anna-Julia Granberg
Når eit musikkstykke er skrive for solo klaver (Clavier-Übing nr. IV, for å nytta Bachs originalspråk), kvifor skal det da skrivast om til eit stykke for strykartrio?
Spør ikkje meg; eg la fela på hylla for over 60 år sidan, og det var ikkje noko tap, ikkje for meg og enda mindre for musikklivet. Men dei som sette seg ned i den minste av to hagestover i Villa Grande på Bygdøy no søndag, hadde ingen grunn å klaga over at den russiske musikaren Dmitrij Julianovitsj Sitkovetskij gjorde nett det i 1984. Da var verket, Goldberg-variasjonane, 243 år gamalt, Sitkovetskij var 30, og seinare har det vore omarbeidd (transkribert) både for strykeorkester, obo og harpe og meir til. Desse variasjonane har framleis, som så mykje av Bach, eit rikt og – ja, nettopp – variert liv.
Som namnet seier, tyder det meste på at Bach skreiv verket for ein av elevane sine, Johann Gottlieb Goldberg. Han var musikar hos ein adelsmann i kulturbyen Dresden, ikkje altfor langt frå den like store kulturbyen Leipzig, der Bach residerte, doserte, komponerte og dirigerte. Adelsmannen hadde vanskeleg for å få sova, og han ville gjerne at den unge Goldberg skulle spela for han om natta, som sovemedisin. Stykket krev sine fem kvarter, litt avhengig av tempo, og var sikkert meir helsesamt enn det meste av det som fanst og finst på marknaden.
Dmitrij Sitkovetskij vart fødd i ein annan kulturhovudstad, Baku, i 1954. Familien flytta til Moskva tre år seinare da far hans, ein kjend fiolinist, døydde. Der fekk guten med kvart ei solid sovjetisk musikkutdanning. Dei som meiner at Baku er meir vidgjeten som oljeby, har vel rett, men det stod no Baku på fødselsattesten til cellisten Mstislav Rostropovitsj i 1927 òg, eller på det tilsvarande dokumentet til sjakkspelaren Garri Kasparov, for berre å nemna to, og på bridgespelaren Ranik Halles papir (sant nok eit noko meir kaspisk namn, men det vart fornorska). Så folk kan vera meir enn allsidige nok på dei kantane.
Og Sitkovetskij vart mellom anna dirigent i Irland ei tid.
Tilbake til Villa Grande, Quislings residens under okkupasjonen og holocaustmuseum i dag. Tidene skifter framleis. Denne haustsøndagen vart verket i strykarversjon framført der, av den norske Ssens-trioen – eit litt spesielt namn, men denne gruppa har etter kvart fått ein posisjon også utanfor heimlandet sidan stiftingsåret i 2014. Dei tre er fiolinisten Sølve Sigerland, bratsjisten Henninge Landaas og cellisten Ellen Margrete Flesjø.
Landaas er eit produkt, som det gud betre heiter, av musikkskolen i Trondheim og dessutan med fortid i Vertavo-kvartetten. I dag spelar ho også i Oslo filharmoniske. Det same orkestret har hatt glede av Flesjø, og utan at eg har føresetnader som musikkritikar, vågar eg å meina at Sitkovetskij jr. ville ha funne glede, han òg, om han hadde kome seg til Villa Grande for fem dagar sidan.
Så eg drog heim, heilt til austsida av Frogner-kilen, og på datamaskina navigerte eg meg på Youtube fram til Sitkovetskij som solist i Tsjajkovskijs fiolinkonsert med Russisk filharmonisk orkester og Dmitri Jurowski – ein tyskar med russisk bestefar – som dirigent.
Det manglar ikkje på russisk melankoli i det verket, like lite som den tyske melankolien manglar i Goldberg-variasjonane. Og likevel vert ein amatørlydar inderleg glad, i staden for trist, over ei tid der russarar og tyskarar samarbeider om slikt i staden for å driva krig.
Dei skal berre samla seg om litt omskriving, om det så tek 243 år med nokså mange og til dels nådelause variasjonar.
Per Egil Hegge
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Som namnet seier, tyder det meste på at Bach skreiv verket for ein av elevane sine, Johann Gottlieb Goldberg.
Fleire artiklar
Una og Diddi er to storforelska studentar som må halde forholdet skjult, fordi Diddi alt har ein kjærast.
Foto: Arthaus
Gjennombrotet
Elín Hall herjar i dette vakre, velskrivne dramaet av Rúnar Rúnarsson.
Greil Marcus er musikkskribent og kulturanalytikar.
Foto: Thierry Arditti / Courtesy of Yale University Press
Kvifor Marcus skriv
Den nye boka til Greil Marcus er ein kamuflert sjølvbiografi.
Foto: Gorm Kallestad / NTB
Erling Kittelsen er blant dei mest mangsidige av norske poetar, skriv Jan Erik Vold.
Rondanecupen på Otta er ei bridgetevling stinn av tradisjon.
Foto: Otta bridgeklubb
«Det finst bridgespelarar i kvar ein avkrok.»
Jill Stein på eit valkampmøte i Dearborn i Michigan 6. oktober. I vippestaten Michigan fryktar demokratane at Stein skal ta mange røyster frå Harris.
Foto: Rebecca Cook / Reuters / NTB
Stein kan velte lasset
Jill Stein, kandidaten til Dei grøne, er valjokeren demokratane gjerne skulle vore forutan.