Khrusjtsjov-memoarane enda ein gong

Sergej Khrusjtsjov framføre ein minneplakett av faren, Nikita Khrusjtsjov, under opningsseremonien i 2015.
Sergej Khrusjtsjov framføre ein minneplakett av faren, Nikita Khrusjtsjov, under opningsseremonien i 2015.
Publisert

Fredag 21. august trykte den Kreml-kritiske avisa Novaja Gazeta enda ein versjon om korleis Khrusjtsjov-memoarane vart til, 50 år etter at det første bandet kom ut i USA. Det aktuelle påskotet var eit dødsfall i Rhode Island i USA 18. juni i år. Da gjekk Sergej Nikititsj Khrusjtsjov bort, 85 år gamal. Han var den eldste attlevande sonen til sovjetleiaren Nikita Khrusjtsjov (1894–1971). Han var dataekspert og raketteknolog, utvandra til USA i 1991, vart amerikansk statsborgar åtte år seinare og var knytt til Brown University i Rhode Island som statsvitar og historikar dei siste åra han levde.

I Novaja Gazeta fortel journalisten Konstantin Smirnov at sonen Sergej i forvaring hadde i alt 40.000 sider som faren hadde diktert, i tillegg til det som vart utgjeve i USA i 1970, og som var omsett og redigert av seinare viseutanriksminister Strobe Talbott. Han var den gongen student i Oxford og romkamerat med Bill Clinton, ein annan student. Det meste av materialet vart fordelt på pålitelege vener av den talrike Khrusjtsjov-familien, med Khrusjtsjov jr. som nøkkelperson. Smirnov var medarbeidar i vekemagasinet Ogonjok da han i 1988 kom i kontakt med Sergej Khrusjtsjov. Av alle stader møttest dei to i propagandaavdelinga, port 7, i bygningen til Sentralkomiteen på Gamletorget like ved Kreml.

Ein annan nøkkelperson var Julia Leonidovna Khrusjtsjova, barnebarn og adoptivdotter av ekteparet Nina og Nikita Khrusjtsjov. Ho var foreldrelaus etter at far hennar vart drepen som krigsflygar og mor hennar vart arrestert. Persongalleriet her er like rikt og komplisert som i ein vanleg russisk roman: Det er to Sergej Khrusjtsjov, den første er frå Khrusjtsjovs første ekteskap med ei kone som døydde av tyfus. Ein tredje er dottera Rada Nikititsjna Adzjubej, gift med redaktør Aleksej Adzjubej. Ho fekk ordre om å skilja seg frå mannen da faren vart tvangspensjonert i 1964. Det nekta ho.

Som pensjonist vart gamlefar overvaka, så toppleiinga visste at memoarane var i emning. Men alt så tidleg som i 1968 vart Khrusjtsjov innkalla til avhøyr av to menn i politbyrået (presidiet). Der fekk han høyra at han ikkje hadde rett til å skriva memoarar. Dette var så pass alvorleg at han fekk eit hjarteinfarkt. Neste avhøyr resulterte i eit nytt infarkt. Da tok gamlingen til motmæle: «Eg er privatmann no, og eg gjer som eg vil. Det er de som ikkje har rett til å avlytta meg. Det gjer de likevel, de har til og med plassert mikrofonar på do hos oss, slik at de kan vita når eg prompar.»

Da memoarane kom ut i 1970, vart han innkalla på nytt til Arvid Pelsje, som var leiar for kontrollkommisjonen i partiet. Da kom infarkt nummer tre. Det overlevde pensjonisten ikkje. Gravferda var i september 1971.

Smirnov klagar over at det var mykje strev med redigeringa, for «det var jo ingen Tolstoj som skreiv her». Men materialet var verdifullt. For Smirnov er det mest tragiske at «Khrusjtsjov fullt og fast trudde på kommunismen, heilt utan atterhald, som var det ein religion». Den vanlege oppfatninga i Moskva i dag er at han var den siste leiaren i Kreml som gjorde det.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement