Jevgenij Jevtusjenko

Jevgenij Jevtusjenko (1933—2017)
Jevgenij Jevtusjenko (1933—2017)
Publisert

Laurdag 1. april døydde den russiske forfattaren Jevgenij Jevtusjenko, nær 85 år gamal. Det var eit omskifteleg og dramatisk liv som tok slutt. Guten frå ein avkrok i Sibir med det naturlege namnet Zima (Vinter) tok farvel med verda i oljebyen Tulsa i Oklahoma. Tulsa har brukt oljepengane på meir kultur enn oljebaronar i USA har fått ry for i kapitalistkritisk historieskriving. Jevtusjenko var knytt til universitetet der i mange år.

Grava si fekk han i Peredelkino utanfor Moskva. Der budde han ikkje langt frå huset til Boris Pasternak. Minnehøgtida før påske var i Forfattarhuset i Moskva, eit par–tre kvartal frå den norske ambassaden.

Mest kjend vart han for dei to politiske dikta «Babij Jar» og «Stalins arvingar», som han skreiv før han hadde fylt 30 år, i ei tid då avstaliniseringa gjekk for fullt. Dikta vart trykte i Pravda, hovudorganet til det sovjetiske kommunistpartiet. Heime var han like populær som Beatles var i Storbritannia, og saman med andre stjernepoetar kunne han fylla både konsertsalar og idrottsstadion.

«Stalins arvingar» er eit dystert dikt om Stalin, som måtte ut or mausoleet på Den raude plassen i Moskva hausten 1961: «Så bar vi Stalin ut or mausoleet / Men korleis ber vi Stalin ut or arvingane hans?»

Frå mausoleet, der Stalin framleis luskar, går det enno (i 1962) «ein kabel til Enver Hoxha».

Mange av dei meir bastante kommunistane hadde ergra seg året før, da Pravda trykte diktet «Babij Jar», med den sterke opningslina «Ved Babij Jar står ingen minnesteinar». Der tok han for seg eit anna tabuemne, antisemittismen i Sovjetunionen. Den knytte han til ei dalkløft ved Kiev, der ukrainske jødar vart skotne i titusenvis av tyskarane på seinsommaren i 1941. Jevtusjenko, som hadde tysk bakgrunn, solidariserte seg med lidinga og forfylginga jødane hadde vorte utsette for gjennom historia.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement