Jan Myrdal og ein barsk far
Jan Myrdal har vore konsekvent, skriv Per Egil Hegge.
Foto: B. Larsson Rosvall / TT / NTB
Den svenske skribenten Jan Myrdal gjekk bort for ei veke sidan i ein alder av 93 år. Eg møtte han aldri, men indirekte kom han meg nærare innpå livet enn eg hadde tenkt meg, jamvel om det var berre ein einaste stutt episode. Det var ikkje av dei opplevingane ein gløymer, om det så var på avstand.
For eit halvt hundre år sidan var eg Moskva-korrespondent for tre nordiske aviser, og ein sommardag i 1970 sat eg i eit møte i redaksjonen i Svenska Dagbladet i Stockholm. Keisamt var det ikkje, det var den legendariske leiarskribenten «Lakke» Tunberger som dominerte alt med bassrøysta si og meiningane sine. Etter kvart vart det naturstridig nok ein pause, og eg nemnde noko eg hadde lese i ei svensk hovudstadsavis den dagen, ein artikkel av Jan Myrdal. Eg visste at han var son av Alva og Gunnar Myrdal, og at han var temmeleg langt ute på venstresida – med Mao Zedong og Pol Pot som dei to største heltane.
Artikkelen den dagen stod i Expressen, der han var fast kommentator, og var ei lovprising utan atterhald av slaktartyrannen Pol Pot i Kambodsja og idyllen i det landet han styrte. Stort sett var det han Jan Myrdal skreiv om når han skulle rosa nokon, og mildt sagt var det sterk kost. Det som AKP-folka i Noreg presterte når dei kom i nærleiken av slike politiske stjerner, var til samanlikning noko nær ei blanding av analyse og oppsummering. Så eg sa at det var underleg å sjå slikt på trykk frå folk frå ein så solid familie. Tunberger eksploderte og slo begge nevane i bordet: «Du snakkar ikkje slik om Jan Myrdal medan eg er til stades!»
Om eg vart overraska? Eg hadde nær ramla ned av stolen. Men «Lakke» var i siget: «Eg har sett nok av korleis den stakkars guten vart overhøvla og audmjuka av far sin, utan skånsel, i år etter år, og at han har vorte i stand til å stå oppreist og framleis er det, er ein kjempeprestasjon. Om nokon her i landet har rett til å skriva som han vil, er det Jan Myrdal!»
Her måtte det liggja noko bak, så da Lakke hadde roa seg, fekk eg han på tomannshand og spurde kva det var. Lakke kunne svara for seg:
«Som student var eg ofte heime hos Gunnar Myrdal. Eg gløymer aldri ein gong da Jan, som kan ha vore 13–14 år da, kom inn i rommet. Han var som så mange tenåringar keitet og sjenert og litt overvektig. Den store professoren braut seg sjølv av midt i ei setning og sa, vend mot sonen: ’Føder du snart?’»
Etter dette glimtet frå ein intellektuell familieidyll har eg oftast overlate ordet til andre når noko kritisk skulle seiast om Jan Myrdal.
Om Pol Pot og jubelkorpset hans mellom norske intellektuelle har eg skrive nok. Det penaste – om det da er så pent – ein kan seia om Jan Myrdal i den samanhengen, er at han har vore konsekvent. Det har undra større hovud enn mitt, men eg fekk problemet i fanget ein gong eg laga eit intervju med den amerikanske diplomaten og forfattaren George Kennan, som var på den årlege noregsferien sin. Da vi var ferdige, sa han: «No har eg noko eg vil spørja deg om. Eg var i middag hos nokre vener her i Oslo i går. Der var det ein ung student, og han snakka berre om kor ille alt var i Noreg. Udugelege og korrupte politikarar, for stor avstand mellom fattig og rik, det var ikkje måte på. Til slutt spurde eg kva for land han hadde som ideal. Veit du kva svar eg fekk?»
Eg svara at det kanskje var Albania.
Kennan kvikna til: «Nettopp! Albania! Av alle tilbakeståande fjelland: Kvifor Albania?»
Eg svara at det undra meg òg, men at eg ikkje hadde anna svar enn eit bibelord: «Det går over.» Eller betre på engelsk: «This too shall pass.» «Høh!» sa Kennan.
Men for Jan Myrdal gjekk det aldri over.
Per Egil Hegge
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

«Av alle tilbakeståande fjelland: Kvifor Albania?»
George Kennan
Fleire artiklar
Foto: NTB
«Arne Paasche Aasen var ein av dei mest produktive poetane i Noreg.»
Denne havsvala har fått ring kring beinet og skal snart flyge av garde. Mykje står att å lære om arten, som særleg sjømenn har møtt inntil nyleg.
Foto: Lars Tore Mubalegh-Håvardsholm
Julefuglen i augustnatta
Havsvala tel blant dei minste sjøfuglane i verda. Ho er omtrent stor som ein sporv, men kan leve lenger enn tretti år.
Angela Merkel vart forbundskanslar i 2005.
Foto: Michael Sohn / AP / NTB
Angela Merkel har mykje å læra oss om korleis politikk vert hamra ut – med fornuft.
Finansminister og leiar for Senterpartiet Trygve Slagsvold Vedum på landsstyremøtet i år. Partiet har falle kraftig på dei nyaste meiningsmålingane.
Foto: Thomas Fure / NTB
– Populisme er ikkje noko å vere redd for
Trass i dårlege meiningsmålingar har statssekretær Skjalg Fjellheim trua på at Senterpartiet har den beste politikken for Noreg.
Ein mann trakkar på ein plakat av Bashar al-Assad i Damaskus.
Foto: Amr Abdallah Dalsh / Reuters / NTB
Uviss lagnad for Syria
Det store spørsmålet no er kva som vil skje framover i Syria, etter at opposisjonen overraskande fort tok over heile det regimekontrollerte Syria nesten utan militær motstand.