«Intellektuelt kvalifisert»
Tragedien i Christchurch liknar i mangt den norske 22. juli, rettsprinsippa òg.
Foto: Edgar Su/Reuters/NTB scanpix
Da ein terrorist, komplett utstyrt med ideologisk manifest, målretta rasehat og automatvåpen, drap og såra innpå hundre menneske i New Zealand for ei veke sidan, kom eg til å tenkja på noko som hende i Oslo 29. november 2011: Den dagen vart den rettspsykiatriske rapporten om den norske 22. juli-terroristen overlevert til det norske rettsapparatet.
Den eine av dei to psykiatriekspertane vart spurd om kvifor dei ikkje hadde vurdert det ideologiske manifestet hans. – Vi meiner vi ikkje er intellektuelt kvalifiserte til det, sa han. Derimot rekna dei seg intellektuelt kvalifiserte til den konklusjonen at ugjerningsmannen ikkje var tilrekneleg og difor ikkje kunne ha strafferettsleg ansvar for dei 77 dødsoffera i Oslo og på Utøya.
Tragedien i Christchurch, tolv tidssoner borte, liknar i mangt den norske, rettsprinsippa òg. Den arresterte 28-åringen hadde sitt manifest, som var kortare enn den norske varianten, men som hadde statsministeren som ein av mottakarane. Så får vi sjå korleis politi- og rettsapparatet der taklar denne nye saka.
Uheldigvis for dei to første norske rettspsykiatriekspertane vart rapporten deira kjend ved ein lekkasje. På dei 243 sidene er det minst to eksempel på manglande intellektuelle kvalifikasjonar: Han er umåteleg dårleg skriven, og ingen stad på desse sidene er det samanheng mellom premissar og konklusjon. Eg tenkte da eg manna meg opp til å lesa heile makkverket til endes, at eg kanskje hadde lese noko som var dårlegare, men at eg i så fall heilt sikkert ville ha hugsa det.
Dei fleste har fortrengt kor nær vi kom at konklusjonen «utilrekneleg» avgjorde heile saka. Ein leiande norsk statsvitar sa at dette ikkje var noka meiningsytring, det var vitskap. Dermed var det berre å godta det, meinte han. Ein av dei fremste i det norske rettsapparatet klandra dei som ville diskutera rapporten og konklusjonen offentleg. For rapporten var eit hemmelegstempla dokument. Statsministeren, som saman med Kongen synte både ro og vurderingsevne, ville som motvekt mot terroren ha meir demokrati, meir open debatt. Dette synet vart av denne toppjuristen ikkje vyrd med så mykje som eitt ord. Seinare vart det taust frå han. Og sjølvaste riksadvokaten meinte at det ikkje var juridisk mogleg å oppnemna nye rettspsykiatriske sakkunnige før rettssaka var i gang. Kvar han henta den oppfatninga, fekk vi aldri vita, og ei veke seinare viste det seg at det var mogleg likevel. Da vart to nye oppnemnde – og kom til stikk motsett konklusjon: Terroristen visste kva han gjorde, og han var dermed tilrekneleg.
Som massedrapsmannen på New Zealand veit slike folk kva dei vil, dei veit kva dei gjer, og dei har viljestyrke og gjennomføringskraft. Dei har fått for seg at så mange som råd er, bør rydjast av vegen når og fordi «dei ikkje er samde med meg». Det er slik – og berre slik – dei kan få lagt grunnlaget for idealsamfunnet sitt. For dei totalitære ideologiskaparane er ikkje verda vanskelegare. Lenin tenkte slik, og masseavrettingane i Russland i 1918 hadde eit slikt omfang at det aldri kom fram i sovjetisk historieskriving. Det vart fortagt under hundreårsmarkeringa for femten månader sidan òg. Men da vart ikkje berre skytinga dempa, skrytinga vart det òg. Pol Pot tenkte slik, men han var meir miljømedviten og syrgde for at folk vart klubba i hel. Da slepp samfunnet blyforureining. Mao tenkte på same måten: Bort med dei som ikkje tenkjer som eg.
Det er ingen sunn tankegang, og det står ikkje heilt bra til i hovudet på slike folk, men skal dei ha straffefritak fordi det er ein ideologi dei forfektar? Dei veit kva dei vil, og dei veit kva dei gjer.
Det ordet vi til vanleg brukar om slik åtferd, er intoleranse. Både 22. juli hos oss og 15. mars i New Zealand viser at heller ikkje eit rettssamfunn kan syna toleranse for dei som er samvitslaust og blodig intolerante, heilt til – og over – grensa for massemord. Det krevst ikkje meir enn sunt folkevett og vanleg moralsk tankegang for å skjøna så pass. Det går faktisk utan «intellektuelle kvalifikasjonar».
Ekspertar må vi ha i tillegg. Men avskaffar vi ordninga med at også ekspertar kan kritiserast, ikkje berre kritisera, kan det gå reint gale – slik det var nifst nær ved å gjera hos oss ved inngangen til dette tiåret.
Kanskje er det best at så mange hos oss har gløymt det, eller fortrengt det. Men så smell det att, i Christchurch eller i Utrecht, eller andre stader som kunne ha vore fredelege.
Per Egil Hegge
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Dei fleste har fortrengt kor nær vi kom
at konklusjonen «utilrekneleg»
avgjorde heile saka.
Fleire artiklar
Butikkvindauge i Worth Avenue i Palm Beach i Florida.
Alle foto: Håvard Rem
Det blonde reservatet
PALM BEACH: Krig og folkevandring verkar inn på alle vestlege val. Eit amerikansk presidentval kan verka andre vegen òg.
Lewis Lapham på Lapham’s Quarterly-kontoret ved Union Square på Manhattan.
Ein lang marsj mot idiotveldet
NEW YORK: Sett frå minnestunda for Lewis Lapham ser den politiske dagsordenen i USA mindre ny ut.
VINNAREN: På søndag vart Herbert Kickls Fridomsparti (FPÖ) for første gongen største parti i det austerrikske parlamentsvalet. Får partiet makt, vil dei jobbe for å oppheve sanksjonar mot Russland.
Foto: Lisa Leutner / Reuters/ NTB
Politikk i grenseland
Austerrikarane ser på seg sjølv som ein fredsnasjon. Likevel røystar ein tredel på prorussiske høgrepopulistar.
Eldspåsetting og steinkasting i Ramels veg i Rosengård i Malmö. Ivar Hippe har intervjua innbyggarar i utsette bydelar i Vest-Sverige.
Foto: Johan Nilsson / TT / AP / NTB
– Det kjem til å bli stygt
Ivar Hippe fekk lyst til å sjå nærmare på dei svenske tilstandane. Etter tre års arbeid er Sverige 2024: Beretninger om et land i krise her. Staten må ta styring, seier han.
Yrka med det høgste sjukefråværet er kvinnedominerte med relasjonelt arbeid og høge emosjonelle krav, skriv Lill Sverresdatter Larsen.
Foto: Gorm Kallestad / NTB
Langvarig overbelastning gir rekordhøyt sykefravær
«Vi har lenge drevet en dugnad for å holde skuta flytende.»