Ikkje leik med pressefolk!

President Donald Trump droppa den årlege pressemiddagen og drog heller til valmøtet i Wisconsin førre laurdag.
President Donald Trump droppa den årlege pressemiddagen og drog heller til valmøtet i Wisconsin førre laurdag.
Publisert

Folk meiner så mangt som Donald Trump, men éin ting har mannen skjøna: Det er risikabelt å leika seg med journalistar. Så for vel ei veke sidan kom det eit internt presidentdekret frå Det ovale kontoret i Det kvite huset i Washington: Ingen i staben får lov til å gå på den årlege og til vanleg muntre og spenstige banketten som pressekorpset i denne viktige bygningen arrangerer.

Ein høgtståande folkevald person som har fortalt oss pressefolk, og resten av verda, at han vart «forelska» i den nordkoreanske diktatoren Kim Jong Il da dei møttest i Bangkok for to år sidan, og som dessutan har fått «vedunderlege brev» frå denne trivelege mannen i Pyongyang, veit vel kven han og medarbeidarane hans bør halda på trygg avstand. På den lista har vi pressefolk ein ærerik plass høgt oppe. Så på Hilton-hotellet i Washington vart det ei stussleg tilstelling no den siste laurdagen i april: Ingen vittig sjølvironisk tale av presidenten, ingen komikar, ingen vitsar, berre ein skål, med skåltale, til ære for det første grunnlovstillegget. Det garanterer for pressefridomen og kan vera kjekt å ha for ein gjeng som i februar 2017, før Trump var ferdig med den første månaden sin i Det kvite huset, fekk høyra at dei var fiendar av folket.

Omgrepet har ein spesiell klang og har vore brukt av så prinsippfaste, intelligente og sterkt ulike ånder som H. Ibsen og J. Stalin, mellom anna med den konsekvens at Ibsens drama En folkefiende må skifta namn på russisk og der heiter Doktor Stockmann. Det ordrette Vrag naroda får vanlege russarar til å grøssa og krympa seg; det står ein gufs av GULag, gru, grav og galge av det.

No har ingen skulda eller mistenkt Donald Trump for å ha for mykje sjølvironi. Dermed er det sjølvforklårande at han vart borte frå den årlege tilstellinga i 2019, slik han var det i 2018 og 2017, og det ville gi svært høge odds dersom einkvan tulling skulle satsa på at han dukkar opp i 2020.

Kva gjorde arrangørane så denne gongen, for ei veke sidan? Dei fekk ein historikar med to mursteinar presidentbiografiar til å halda hovudinnlegget. Det var fagleg og intellektuelt solid og passe humoristisk, og talaren heldt seg på den rette sida av hundreårsskiftet for 119 år sidan. Da skal det godt gjerast at nokon tek seg nær av det som vert sagt.

Så vel gjekk det ikkje i fjor, jamvel om Trump heldt seg borte. Pressetalskvinna hans, Sarah Huckabee Sanders, var til stades, og ei nådelaus morokvinne gjorde henne til skyteskive. Ho lo like godt som Trump ville ha gjort. I år kom trøystepremien: Trump brukte denne laurdagskvelden til eit valmøte i Wisconsin, ein av delstatane der han slo Hillary Clinton i 2016. Den djupt alvorlege Sarah hadde plass på ein slags ærestribune for trugne og lojale tenarar. Best for alle, for den uheldige fru Sanders har ikkje berre fått ry for å lyga på jobb, ho har i forklaringa si til granskar Bob Mueller tilstått at ho i ei utsegn i eit viktig spørsmål gjorde nett det – eit uforvarande mistak, sjølvsagt. Om ho hadde vore til stades laurdag, ville ho ha vorte skyteskive andre året på rad. Tanken er ikkje til å bera.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement