– Ikkje anna i hovudet enn pengar
Styreformann Tinius Nagell-Erichsen (t.v.) og konsernsjef Kjell Aamot i Schibstedt-gruppen då dei orienterte om Schibsteds ja til å gå inn som medeigar i TV 2 i 1991.
Foto: Jon Eeg / NTB scanpix
Når ein enkel gut frå innlandsbygdene, som eg, tenkjer på Donald Trump, hender det at nokre av tankane går i retning av den einaste milliardæren eg har kjent. Han var norsk, han døydde for knapt ti år sidan og heitte Tinius Nagell-Erichsen (1934–2007).
Ikkje at Tinius likna så mykje på den amerikanske presidenten, bortsett frå at begge var/er røslege og altså rike karar. Skilnaden går fram av den vanlegaste replikken hans når han inviterte og kom til poenget:
– Vi må ha ein kopp kaffi. Kva har du lese i det siste? Fortel meg om det, du les jo bøker. Eg har berre med pengemenneske å gjera. Dei har ikkje anna enn pengar i hovudet. Eg orkar ikkje meir!
Det hende han var i det spandable hjørnet, og da vart det til og med eit rundstykke eller to til kaffien. Og så ville han snakka om heilt andre ting enn pengar. Gjerne om amerikansk politikk og memoarlitteratur. Eller studieåra sine på London School of Economics.
Ein annan skilnad er at Tinius hadde gjennomføringskraft og visste kva han ville, og han rauk ikkje uklar med folk om dei meinte noko anna enn han.
– De får ikkje direksjonshonorar for å sitja her og svaia med fleirtalet, sa han ein gong i gammaltida, da Aftenposten enno var privateigd og det var Direksjonen med stor D som hadde makta.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.