Harmoniske sommartonar
Frederiksværk på Classens tid.
Foto: Wikimedia Commons
Oppe på vollen rundt Akershus Festning står det nokre eirgrøne kanonar frå 1700-talet og byrjinga av 1800-talet. Dei nyaste av dei er merka «Frederiksværk 1811». Dei er berre til pynt i dag, og knapt nok det. Det hender at eg peikar dei ut, særleg bokstavane, når eg har med norske tilreisande opp på festningsvollen. Det seier dei lite.
Men kor tæra metallskrifta enn har vorte gjennom dei mange åra som har gått, fyller ho meg med søt musikk kvar gong eg ser stadnamnet med den alderdommelege skrivemåten. Klangen er spesielt sterk i juli månad. For da er det musikkfestival i Frederiksværk, heimstaden til desse kanonane, og sommarhuset vårt ligg berre fire kilometer unna. At ein avdanka industriby med 12.000 innbyggjarar, fem kilometer frå nokre av dei finaste badestrendene på Sjælland, kan lokka turistar med både reint, klårt saltvatn og nokre av dei fremste musikarane i Europa, er ingen sjølvsagt ting. Men slik er det, og det åndelege forfallet skal ha kome langt før ein gløymer den legendariske russiske Borodin-kvartetten, som for vel ti år sidan hadde teke turen frå Moskva til det enkle podiet i den restaurerte kanonhallen i Gjethuset i Frederiksværk.
I kveld – for den som måtte ha råd med å kasta seg på flyet til København – står Schuberts songsyklus Die schöne Müllerin på programmet. Alle dei tjue songane. Det er ikkje berre i Noreg ein kan ha det ganske fint i den såkalla provinsen.
Namnet Gjethuset har ikkje noko med geitehald å gjera, men tyder ’huset der ein støyper kanonar’. Det tyske grunnordet er verbet giessen, som tyder ’å gyta jarnmalm’. Lenge låg Gjethuset som ein stussleg ruin med all framtid bak seg. I dag er det konserthall med ein akustikk som kammermusikarar får det meste ut av.
Ved sidan av den reint fysiske musikken er det er ein undertone av aktuell kommentar òg: Mange av årets kunstnarar bryt staven over den barske danske innvandringspolitikken: Over 90 musikarar er med, mellom dei er danskar som kjem frå USA, Korea, Kina, Japan, Armenia, Nederland, Russland, Tyskland, Frankrike, Italia og sjølvsagt Skandinavia. Mellom dei norske i 2019 er pianisten Christian Ihle Hadland og sopranen Tuva Semmingsen.
Om det var krut og kanonar som la grunnlaget for rikdomen i Frederiksværk under kong Frederik 4., som styrte Danmark og Noreg frå 1699 til 1730, har det sitt opphav i musikken, alt det som vi på dei lite luksusprega benkane kan gleda oss over også denne sommaren. Entreprenøren Johan Frederik Classen (1725–1792) vart fødd i Christiania som son av domorganist Johan Frederik Clasen. Junior gjorde lukka si i tvillingriket sør for Kattegat og arbeidde seg opp til rikdom og prakt – ikkje å gløyma eit prangande gravmæle som overtydande sluttakkord – ved å byggja ut krutverket som gav namn til byen. Verdshistoria hjelpte godt til; han leverte svært mange tonn militære godsaker til dei som trong slikt i den amerikanske fridomskrigen. Den er vi eit godt stykke unna, både historisk og musikalsk; artilleri og dunder og brak har ingen stor plass i kammermusikk.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.