«Han vert nok snillare etter riksretten»
EU-ambassadør Gordon Sondland og offiser Alexander Vindman vitna båe mot Donald Trump. No er dei oppsagde.
Foto: Andrew Harnik / AP / NTB scanpix
Lite er meir risikabelt enn spådomar. Og dei som meinte at riksrettsaka mot president Donald Trump var så utriveleg for han at han nok skulle skikka seg litt betre no og visa seg som ein snillare og meir audmjuk mann etter påkjenningane i januar, vinn ikkje prisen for årets spåmann. Det første presidenten gjorde etter at han vart frikjend, var å stempla hovudmotstandarane sine som forferdelege menneske med vondt i sinnet. Det neste var at han sparka to nære medarbeidarar fordi dei hadde vitna mot han under prosessen. Den eine var ein høgt dekorert ukrainskfødd offiser, Alexander Vindman, den andre var hans eigen ambassadør i EU, Gordon Sondland, ein hotellkonge som hadde kjøpt posten i Brussel for ein million dollar i valkampbidrag. Den siste framgangsmåten er korkje uvanleg eller klanderverdig i USA; slikt er innarbeidd praksis i den amerikanske utanrikstenesta.
Trumps praksis er støypt i betong: å straffa dei som seier ting han ikkje likar. Det hjelper lite at det dei seier, er sant, spesielt dersom dei får det uslåelege motargumentet «det har eg aldri sagt» rett i fleisen.
Både Sondland og Vindman hadde høyrt Trump stilla vilkår om ukrainske motytingar i ein telefonsamtale med president Wolodymyr Zelenskij i Kiev. Under eid sa dei til riksretten at Trump hadde gjort nett det. Sjølv sa Trump det motsette, og han fylte på med ein påstand om at det han sa til Zelenskij, ikkje berre var heilt utan plett eller lyte, men at det i tillegg var perfekt – han gir alltid godt mål når han uttalar seg. Det ville derfor vera heilt hårreisande om han skulle dømast frå presidentposten for noko slikt.
Sondland er det ikkje synd på. Han kan gå attende til toppstillinga og millionane i hotellimperiet sitt. Vindman skal nok greia brasane, han òg. Han har gjort militær karriere, både som skrivebordsoffiser og i kamp, og han er attende i ei stilling i det amerikanske forsvarsdepartementet. Men det vert ståande på rullebladet hans at han rauk uklar med presidenten og hadde ei tryggingsvakt under kvar arm da han vart leidd ut av kontoret sitt i den mest kjende embetsbygningen i Washington.
Inkje tyder på at Trump får riper i lakken når han gjer slikt, i alle fall ikkje hos dei som røystar på han. Dei brukar det heller ikkje mot han at han tyr til grove og vulgære utrykk, anten det er med seksuelle overtonar eller med nokså fæle adjektiv. Om leiaren for demokratane i Representanthuset, Nancy Pelosi, sa han at ho er «vicious». Det er eit svært grovt og nedsetjande ord; «vondsinna» er ei temmeleg bleik omsetjing. Han nekta å tru henne når ho seier at ho bed for han – «ho bed nok, men ikkje for meg». Om senator Mitt Romney, som tapte presidentvalet mot Barack Obama da demokraten vart attvald i 2012, sa han at han ikkje likar folk som hyklar og seier at dei rådfører seg med Gud. Romney er djupt religiøs mormon og har heilt sikkert meir ilske og hån i vente frå Trump og andre republikanarar i dei fem åra han har att som senator.
Mest alle republikanarane i Senatet røysta for å frikjenna Trump; Romney var den einaste av 53 som ville fella han. Dei som meinte at han hadde gjort noko som ikkje var heilt bra, landa på to hovudargument: Det var ikkje så ille at det kunne forsvarast å senda han hovudstups ut av det ovale kontoret, og dessutan vil han nok skikka seg betre no.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.