«Han lyg som eit augnevitne»
Norsk film med god fotografering og ein langsam, på nokre måtar russisk forteljeteknikk.
Foto: Nordisk Film Distribusjon
Det russiske ordtaket i tittelen er kanskje ikkje så velbrukt eller velkjent i landet vårt. Men det rann meg i hugen da eg las eit intervju, eller ein samtale, som psykiater Finn Skårderud hadde med den norsktalande amerikanske forfattaren Siri Hustvedt denne våren. Ho fortalde om eit barndomsminne frå fireårsalderen, da ho var på besøk hos ei tante – i eit hus som ikkje enno var bygt.
Dette, altså avstanden mellom det vi hugsar, og det vi meiner å hugsa, er eit sjeleleg farvatn der det er ruskut å leggja utpå, og det leikar underlege og nokså skræmande fiskar nede i kavet. Eg barka i hop med ein av dei etter at eg nyss såg filmen Ut og stjæle hester. På grunn av ei utanlandsreise var eg seint ute, men det var framleis godt med folk i salen. For kva det måtte vera verdt som ei vurdering frå ein amatørkritikar, tykte eg godt om filmen: God fotografering og ein langsam, på nokre måtar ein russisk forteljeteknikk, som har appell til eit sjeleliv der det meste, hjerneprosessane mellom mangt anna, ikkje har same snert eller fart som det hadde for 40 år sidan, eller for 16 år sidan, for den del, da Per Pettersons roman kom.
Det var berre éin faktor som irriterte meg litt, nemleg at Hans Petter Moland hadde lagt detaljane i handlinga så langt unna det eg meinte å ha lese i romanen. Han var da god nok som han var, meinte eg å hugsa. Men både ein filmskapar og ein romanforfattar står sjølvsagt heilt fritt til å gjera som han eller ho vil, så det var ingen grunn til å opponera mot bruk av den fridomen dei skal ha.
Litt usikker var eg – heller ikkje det var eg for 40 år sidan – så det var berre éin utveg. Eg fann eit eksemplar av boka i rotet i bokhyllene mine, og sette meg til for å lesa romanen ein gong til. Det visste eg at eg ville ha glede av, både fordi det ikkje var pliktlesing, og fordi eg hugsa boka som svært god. Av Pettersons bøker set eg Til Sibir eit hakk høgare, men det er fordi han har fått til ein underleg dansk undertone i ein prosa som elles er prega av svært radikalt bokmål.
Så, under nylesing av boka om hestetjuvane, dukka det russiske ordtaket opp, med brodd og kraft. For alt det eg hadde sett i filmen, finst i romanen. Mellom dei to kunstverka er det den nokså føreseielege skilnaden som har si rot i at ei bok er ei bok og ein film er ein film – i tillegg til at både Petterson og Moland veit kva dei held på med. Eg, eit individ som har det fint både i lenestolen og i kinosalen, vart litt mindre trygg på at eg veit akkurat det.
Eg veit i alle fall at eg, heilt for meg sjølv, hadde dikta opp det som eg trudde var å finna i boka. Så var det ikkje der, og det er sikkert det beste for alle, frå forfattar, meir skarpsynte lesarar og vidare nedover til omsetjar, forleggjar, bokhandlar og ikkje minst rekneskapsførar og skattefut.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.