Hallik og gründer

Hugh Hefner poserer framfor det svarte privatflyet sitt, The Harejet, med eige soverom i halen, i 1970.
Hugh Hefner poserer framfor det svarte privatflyet sitt, The Harejet, med eige soverom i halen, i 1970.
Publisert

Noko sterkt intellektuelt inntrykk gjorde ikkje Playboy-grunnleggjaren Hugh Hefner den eine gongen eg var ein time eller to i same rom som han. Han rekna nok med at det ikkje kunne verta pengar av å bruka hjernen på slike syslar.

Han var gjest i Den nasjonale presseklubben i Washington, det må ha vore i 1981. Da var han ein ung mann på 55 år, og han skulle fortelja om seg sjølv og suksessen sin. Bladet Playboy, som hadde gjort han både rik og vidgjeten, var grunnlagt i 1953, med Marilyn Monroe på framsida. I 1963 vart han trekt for retten, skulda for pornografi. Han slapp straff fordi juryen ikkje kunne semjast om ei avgjerd. Da hadde han hatt Jayne Mansfield på omslaget.

Alt var sømeleg nok på framsida, men inne i bladet hadde dei to damene kasta tekstilane, slik skikken var i Playboy, og Marilyn Monroe vart spurd om ho ikkje tenkte over det skandaløse ved ikkje å ha noko som helst på. Ho var kvikk i hovudet, jamvel om det ikkje var det ho var mest kjend for, og ho svara:

– Det stemmer ikkje. Eg hadde radioen på.

Urettvis som verda er, ikkje minst mot kvinner, var det PR-agenten hennar som fekk æra for den replikken. Og i 1970-åra var Playboy-opplaget sju millionar.

I presseklubben i Washington fekk Hefner ordet etter introduksjonen. Han reiste seg og bad om ei flaske Pepsi-Cola, kjælte med flaska, sa at det var triveleg å vera her, og presenterte dotter si, Christie. Dermed var han ferdig med innlegget, og han ville ha spørsmål frå folk i den store salen.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement