Hadde Sovjetunionen 15 divisjonar til overs?

Medaljar på jakkeslaget til ein av veteranane på Den raude plassen 9. mai i år. Dette er ikkje tida og staden for å drøfta baksida til medaljane frå sovjetmakta under den store fedrelandskrigen.
Medaljar på jakkeslaget til ein av veteranane på Den raude plassen 9. mai i år. Dette er ikkje tida og staden for å drøfta baksida til medaljane frå sovjetmakta under den store fedrelandskrigen.
Publisert

På mange måtar kan ein militær siger feirast. Under paraden på Den raude plassen i Moskva 24. juni 1945 regna det. For russarane var det eit teikn på at også himmelen gret. Sterkare sto ateismen ikkje.

I førre veka var avisene og fjernsynsprogramma fylte av innslag om krigen, på sigersdagen 9. mai. Før opna paraden med at stridsvogner og etter kvart interkontinentale rakettar dundra over den store plassen. Etter regimeskiftet går ikkje det; det kyrkjehuset som vart rive og erstatta med ei pisserenne, er atterreist, pisserenna er borte, klokkene ringjer, og dei taktfaste og strunke infanteristane har teke over.

Men den djerve avisa Novaja Gazeta gjorde det på sin måte. Redaksjonen hadde grave fram ein statistikk som er avgradert frå eit juridisk arkiv. Slikt er ikkje uproblematisk, for delar av president Putins lovverk gjer det vanskeleg, for ikkje å seia risikabelt, å ytra seg kritisk om krigsinnsatsen. Det er lettare å selja gummistrikk i metervis enn å vita kvar den grensa går i Russland, anten ein er domar eller pressemann.

Rapporten var ferdig i 1992 og heiter «Den løynde sanninga om krigen» («Skrytaja pravda vojny»). Mellom dei som utarbeidde han, var ein kvinneleg historikar, O. Vasiljeva. Ho er interessant i denne samanhengen fordi ho i dag er utdanningsminister i Dmitrij Medvedevs regjering.

Mykje av materialet vart brukt av ein russisk jurist, høgt oppe i rettsapparatet, i 1995, i fagtidsskriftet «Staten og retten». I Brezjnev-tida var dette eit akademisk, men godt dressert propagandaorgan for kommunistpartiet. Rapporten viser at i perioden juni 1941 – mai 1945 fekk 2.530.663 sovjetiske militærpersonar straff av militærdomstolar. Av dei fekk 11 prosent dødsstraff – 284.344, og 157.593 vart skotne. Det er 15 divisjonar.

Denne statistikken tek ikkje med avrettingar som Smersj sto for, dei ligg stadig i KGB-arkiva. Smersj er ikkje ei James Bond-oppfinning; Ian Fleming hadde som Moskva-korrespondent så gode kontaktar der at han vart psykisk sjuk; i alle fall meinte han det sjølv.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement