Grenselaust i Karibia
Corsair Airbus A330-200 går inn for landing på Prinsesse Juliana i Sint Maarten.
Foto: Aldo Bidini / Wikimedia Commons
Det var ein gong ei tid da stormaktene i Europa, frå Danmark-Noreg til Frankrike, Spania, Nederland og England kivast og slost om småøyane i Karibia. Dei historiske fara etter desse stridane er det ikkje så lett å sjå i dag, men dei er der. Klårast gir dei seg utslag i uventa, brå språkgrenser og like uventa og fjerne geografiske samanblandingsnamn, som «dei franske eller nederlandske Antillane» og «britisk, amerikansk eller dansk Vest-India». Danskane selde dei tre sukkerplantasje- og slaveøyane sine i Vest-India til USA i 1917–1918 og avvikla dermed koloniriket sitt, som det moralske og økonomiske fallittbuet det lenge hadde vore. Mellom det som står att, er presidentpalasset Christiansborg i Accra i Ghana, pluss nokre danske gate-, konge- og dronningnamn, frå Store Kongens gade i Charlotte Amalie på St. Thomas, til Christiansted og Fredriksted på St. Croix, den siste med grunnmuren til Victor Borges sommarvilla, som vart smadra av ein orkan for 30 år sidan. Borge hadde berga livet i kamp mot verdshistorie og naturkrefter ved hjelp av rådsnar, intelligent og kvikk humor. I ruinhaugen i 1989 ga han opp all tanke på atterreising, og han døydde kort tid etter.
For vel er vinteren god og varm, spesielt med tanke på all snøen og vinden i heimlandet, men når haustorkanane melder seg, er det meste heilt annleis og minst like farleg som snøras på Sunnmøre eller i Troms.
Kor fredeleg politikken har vorte, viser den vesle delte øya Sint Maarten – St. Martin på fransk. Ho er oppkalla etter den same helgenen som har gitt namn til kyrkja St. Martin’s in the Fields i London, pluss Mortensgåsa. Sint Maarten ligg i nabolaget til dei tre gamle danske øyane aust for Puerto Rico – som ein gong var ein del av det spanske koloniriket på desse kantane av verda. Eit brått vegskilt på storleik med eit innkøyringsforbod viser oss at vi køyrer inn i den franske delen. Det kan ein elles sjå ved at det brått vert fleire restaurantar og færre bilverkstader og IT-butikkar. Flyplassen heiter Prinsesse Juliana, og flya brølar over badestranda i tre meters høgd. Festninga, med fransk flagg, heiter Ludvik, eller meir imperialt Louis på originalspråket.
Tempoet er tropisk og bedageleg, men alt med måte: Ein drabeleg orkan i september 2017 gjorde ingen skilnad på franske eller nederlandske borgarar, øydeleggingane var store. Det meste er alt atterreist, og turisttrafikken har teke seg opp att, slik at dei 1300 innbyggjarane i den nederlandske hovudstaden Philipsburg har til levebrødet.
Philip kunne som Louis ha vore eit kongenamn, men den nederlandske byen vart grunnlagd av ein engelsk kjøpmann, og frå 1763 var den driftige John Philips ein slags konge på og rundt den utdøydde vulkanen. Så etter at dei hadde kriga frå seg, gjekk samarbeidet stort sett som det skulle, og det er mønstergyldig og europeisk nok: På den nederlandske delen av øya snakkar dei helst engelsk, på den franske delen gjer dei òg det, utan fransk aksent til og med, og fransk.
Kanskje burde St. Maarten, eller St. Martin, ha teke over forhandlingane om Brexit eller ikkje-Brexit?
Lenger nede i hogget, altså lenger sør, er det fleire, og udelte, nederlandske øyar frå den gamle handelsverksemda. Curaçao, Aruba og noko mindre kjent småplukk, som Bonaire, heilt inntil kysten av Venezuela, men for tida med eit noko meir vellykka styre.
Og slik hanglar verda vidare, med temperaturar som berre nordeuropearar betaler dyrt for, der dei i vår tid avgrensar interessa si for istilhøve til luksusbaren. Det var berre skikkelege nordmenn som dreiv isimperialisme. Alt til si tid.
Per Egil Hegge
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

På den nederlandske delen av øya snakkar dei helst engelsk, på den franske delen gjer dei òg det.
Fleire artiklar
Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.
Foto: Kim E. Andreassen / UiB
Israel-boikott splittar akademia
Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.
Foto: Terje Pedersen / NTB
FHI svikter sitt samfunnsoppdrag
«Det er svært viktig at FHI er tydelig overfor publikum på at de ikke jobber med årsaken til long covid.»
Foto: Universitetet i Bergen
Nord-Noreg ord for ord
Bak Nordnorsk ordbok ligg livsverket til ein stor kvinneleg språkforskar frå Lofoten. Ho kjempa seg forbi mange hinder, men møtte alltid nye og fekk aldri anerkjenninga ho fortente.
Emilie Enger Mehl avbilda på veg til pressetreff på Grøndland for å presentere Revidert nasjonalbudsjett, 14.05.2024. I budsjettet vert det mellom anna satt av penger til å reversere domstolsreforma. Foto: Javad Parsa / NTB.
Javad Parsa
– Uforståeleg domstolsendring
Sorenskrivar Kirsti Høegh Bjørneset er kritisk til at regjeringa vil reversere domstolsreforma.
Anne Kalvig er religionsvitar og tidlegare professor ved Universitetet i Stavanger. I fjor etablerte ho Medvit forlag.
Foto: Anja Bakken
Tru og tvil
Vi må framleis snakke om kvinner og menn. Men kan vi ikkje samstundes ta rimeleg omsyn til dei andre?