Framsteg utan stans

Katarinahissen med utsyn over Strömmen. Bilete frå 1960.
Katarinahissen med utsyn over Strömmen. Bilete frå 1960.
Publisert

I eit liv som har vore både hendingsrikt og omflakkande nok, er det få reiseminne som kan måla seg mot den første utanlandsturen. Mor tok meg med til Stockholm i 1951. Ho hadde ei nygift veslesøster der, og pengar hadde ho frå ein premie for ei barnebok frå sjølvaste kyrkje- og undervisningsdepartementet, der Lars Moen rådde den gongen. Far hadde bygt etterkrigshusvære til oss og sleit med eit nokså barskt huslån, så han måtte stella heime.

Verdsbyen Stockholm seks år etter krigen var svære ting for ein elleve-åring frå ei trøndelagsbygd, og eg investerte to blanke svenske kroner i åtte turar opp og ned med Katarinahissen med utsyn over Strömmen, som fører vatnet ut i Østersjøen frå Mälaren och Hjälmaren. Ei svensk krone sto i kr. 1,38 den gongen, og det kosta 25 öre for kvar tur. Byggearbeid i Slussen vart så dryge (for ikkje å nemna kostnadene) at Katarinahissen måtte stengjast i 2010, men no er det von om opning att i 2019.

Strömmen rann berre i same retninga heile tida, til skilnad frå Straumen heime, som både var lengre og striare og skifta lei fire gonger i døgeret. Størst inntrykk gjorde det at vi alt ved grensepasseringa på Storlien kunne kjøpa appelsinar. Så eksotisk frukt fekk vi berre til jul. Vi gjorde ein strategisk feil da vi ikkje sikra oss appelsin ved avreise frå Stockholm. På Storlien selde svenskane slik vitaminrik luksus berre når Trondheims-toget rulla inn i Sverige, ikkje når det var på veg til Trondheim.

Som i ei hildring og ein avglans kom det alt saman tilbake denne veka på ein togtur frå Kongsvinger til Oslo. Jau da, det var ein internasjonal tur, for han starta i Charlottenberg etter nokre tiltalande prisforhandlingar på ein ryddig bilverkstad der. Derifrå går det buss til den norske hovudstaden, med skifte til tog i Kongsvinger. Det gjekk ingen buss den dagen. Det gjekk ikkje noko norsk tog heller – det går elles kvar time, men lina var under reparasjon. Men SJ, Statens Järnvägar, har eit tog eller to frå Karlstad via Kongsvinger og Blaker til, ja, Oslo. Det kunne ventast ganske straks.

Billett får ein på automat. Men automaten var stengd, for jarnvegslina var berre for norske tog, ikkje svenske. Det måtte da likevel verta ei råd med billett?

Toget kom. Det var ikkje heilt nytt, men det var elektrisk, det hadde gode stolar, og eg såg fram til triveleg oppvarting og sørvis, eller service, gjerne det, frå ein konduktør som måtte vera minst like høfleg som svenske personale er over heile Austlandet.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement