Framandspråk for inderøyningar
Kristian 10. reid på ein nystrigla kvit hest då Jylland atter var sameina med resten av landsdelen.
Målarstykke av Alfred V. Jensen
Det første framandspråket mitt var jysk, og det var praktisk og nyttig kunnskap på Inderøy. Kona til ordførar Bjarne Lyngstad var dansk, men ho høyrde ikkje til omgangskrinsen min. Det vart betre stelt da foreldra mine importerte ei hushjelp frå Horsens-traktene, og eg kan framleis, to menneskealdrar seinare, imponera innfødde danskar med å seia «god dauw» på kav jysk. Dessutan heiter «æ veit itj» noko så enkelt og logisk som «a ved it» på jysk, så det er ingen grenser for kor stor nytte ein kan ha av å vera oppvaksen inst i fjordane i Midt-Noreg. Var det nokon som ymta frampå om provins?
Det nordmenn flest ikkje veit, er at februar er ein historisk månad for jydane. Til overmål er det slik no i jubileumsåret 2020. Det er hundre år sidan den sørlege delen av Jylland atter vart sameina med resten av landsdelen, og jubileumsmarkering til gagns vert det i august: Da er det hundre år sidan kong Kristian 10. i uniform reid på ein nystrigla kvit hest gjennom ein æresport der den nye grensa lenger sør kunne trekkjast opp etter den historiske folkerøysting ved avslutninga av den første verdskrigen. Biletet av kongen er det som i dag heiter ikonisk: For danskane, og aller mest for jydane, har det same status som målarstykket av mennene på Eidsvoll har for oss nordmenn.
I tillegg veit vi alle at mat er kultur, ikkje minst i Danmark, og februar har vore kjenneteikna av sønderjyske kaffibord i store mengder og ovstore lengder. Sterkast vart det markert for nokre dagar sidan i Sønder Hygum i det gamle og omstridde dansk-tyske grenseområdet, med festtale av folketingsmedlem, tidlegare kulturminister Bertel Haarder, og eit tablå med ein gendarm frå Flensburg som refsa festlyden fordi dei song danske songar: «Ihr habt dänische Lieder gesungen!» Så vart han kasta på dør, slik at dei innfødde kunne halda fram med kaffi, sønderjysk lagkake (som ikkje er spesielt god, men det har eg aldri sagt høgt) og fleire songar i høgkulturell ro og fred.
Songar er ei alvorleg sak i dette miljøet. Lyset i livet mitt og eg var med på eit langdrygt minnesamvær etter ei gravferd i N.F.S. Grundtvigs ånd for nokre år sidan. Det var kaffi, wienerbrød og korte, men svært gode minnetalar, og éin song frå Højskolesangbogen mellom kvar tale. Det var berre eitt forbløffande feilsteg: Ein av talarane sa: «Og vi syng dei to første og dei to siste versa.» Mild, men merkbar uro og mumling braut laus, før ein av dei frammøtte tok mot til seg: «Det kan man ikke.» Alle skjøna kva han meinte, og dermed song vi alle dei 14 versa, slik vi alle visste at vi skulle, og slik Grundtvig ville ha kravt det.
Det jyske språket er ei alvorleg sak, det med. For snart 60 år sidan sat eg på ein buss i London. På setet framom meg sat to danske jenter. Den eine var københavnerinde, den andre var jyde, og som så mange hovudstadsfolk hadde dama frå København plunder med å forstå dialekten. Det var staselege kvinner, og eg var på nippet til å by meg til som tolk, men tok meg i det fordi det heilt sikkert ville ha vorte oppfatta i heilt ufilologisk og langt meir nær- og pågåande retning.
Så eg heldt tann for tunge og lét dei to stampa vidare i språkløysa si i staden for at eg skulle risikera ein krenkjande dask over lanken.
Per Egil Hegge
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Det nordmenn flest ikkje veit, er at
februar er ein historisk månad for jydane.
Fleire artiklar
Laila Goody, Maria Ómarsdóttir Austgulen, Trond Espen Seim og John Emil Jørgenrud i nachspielet frå helvete som stykket til Edward Albee blir kalla.
Foto: Erika Hebbert
Sterkt om livsløgn og overleving
Gode skodespelarprestasjonar i intens kamp på liv og død.
Den nye statsministeren i Frankrike, Michel Barnier, blir klappa inn av den utgåande, Gabriel Attal, i ein seremoni på Hôtel Matignon i Paris 5. september.
Foto: Stephane De Sakutin / Reuters / NTB
Ny statsminister med gjeld, utan budsjett
No lyt alt skje raskt i fransk politikk for å avverje nye kriser.
Justis- og beredskapsminister Emilie Enger Mehl på veg til pressetreffet om motarbeiding av kriminalitet. Også statsminister Jonas Gahr Støre og finansminister Trygve Slagsvold Vedum deltok.
Foto: Thomas Fure / NTB
– No ser me effekten av færre politifolk
Det er mykje regjeringa kunne gjort som dei ikkje har gjort. Me er ikkje imponerte, seier Helge André Njåstad (FrP).
Den oppdaterte boka om rettens ironi er ei samling av tekstar frå Rune Slagstad gjennom førti år.
Foto: André Johansen / Pax Forlag
Jussen som styringsverktøy
Rettens ironi, no i fjerde og utvida utgåve, har for lengst blitt ein klassikar i norsk idé- og rettshistorie.
Finn Olstad har doktorgrad i historie og er tidlegare professor ved Seksjon for kultur og samfunn ved Noregs idrettshøgskule.
Foto: Edvard Thorup
Det nye klassesamfunnet
Finn Olstads nye bok er eit lettlese innspel til ei sårt tiltrengd innsikt i skilnaden mellom fakta og ideologi.