Folkehøgskole og omgangsskole
Sund folkehøgskole på Inderøy har brukt mykje av dette året til å feira 150-årsdagen sin, men det er no i november at det verkelege jubileet best kan verta markert. Den 2. november var merkedagen, jamvel om det først var i 1900 at skolen fekk «heimen sin» i den gamle amtmannsgarden Sund ved foten av Roelsbakken.
Fleire enn lokalpatriotiske inderøyningar meiner at dette er eit landskap som kan måla seg med dei finaste i landet. Eit vitnemål om det blir tilskrive Bjørnstjerne Bjørnson: «Man siger: Se Neapel og dø, men jeg har sett Inderøen fra Roelsbakkerne en sommeraften», lyder ein av variantane.
I tillegg er det historia, med Borgenfjorden (Børgin på bygdemålet) nordover mot Mære, Trondheimsfjorden sørover mot Skogn og vestover mot Ytterøy og Leksvik, og så bakkane ved Berg i nordvest. Heller ikkje dei innfødde vert samde om det er vakrast frå Berg av di ein da ser Roelsbakken og Sund, eller vakrast frå Roelsbakken fordi ein ser Berg derifrå. Derimot er vi samde om at det aller finaste utsynet har dei som bur på Ytterøy. For dei ser Inderøy – som i motsetnad til Ytterøy ikkje er ei øy, men ei halvøy.
Heller ikkje geografien er enkel i Trøndelag.
Kva Sund har hatt å seia for meg, skjøna eg ikkje før eg fekk ei ekstraoppleving på Oslo-trikken ein gong i 1960-åra. Eg kom i snakk med professor Magne Skodvin, historikaren som eg enno ikkje kjende særleg godt, men vi var på nikk. Han gjekk rett på sak: «Du må ha vakse opp mindre enn tre kilometer frå ein folkehøgskole.» Eg spurde korleis han kunne vera så sikker. Han var harding og visste eitt og anna både om folkehøgskolar og vakre og opne landskap, men likevel.
– Eg har høyrt deg i radio nokre gonger, og det er tydeleg at du har vore utsett for den type kulturdiffusjon som berre kjem frå folkehøgskolar, sa han.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.