Folkehøgskole og omgangsskole
Sund folkehøgskole på Inderøy har brukt mykje av dette året til å feira 150-årsdagen sin, men det er no i november at det verkelege jubileet best kan verta markert. Den 2. november var merkedagen, jamvel om det først var i 1900 at skolen fekk «heimen sin» i den gamle amtmannsgarden Sund ved foten av Roelsbakken.
Fleire enn lokalpatriotiske inderøyningar meiner at dette er eit landskap som kan måla seg med dei finaste i landet. Eit vitnemål om det blir tilskrive Bjørnstjerne Bjørnson: «Man siger: Se Neapel og dø, men jeg har sett Inderøen fra Roelsbakkerne en sommeraften», lyder ein av variantane.
I tillegg er det historia, med Borgenfjorden (Børgin på bygdemålet) nordover mot Mære, Trondheimsfjorden sørover mot Skogn og vestover mot Ytterøy og Leksvik, og så bakkane ved Berg i nordvest. Heller ikkje dei innfødde vert samde om det er vakrast frå Berg av di ein da ser Roelsbakken og Sund, eller vakrast frå Roelsbakken fordi ein ser Berg derifrå. Derimot er vi samde om at det aller finaste utsynet har dei som bur på Ytterøy. For dei ser Inderøy – som i motsetnad til Ytterøy ikkje er ei øy, men ei halvøy.
Heller ikkje geografien er enkel i Trøndelag.
Kva Sund har hatt å seia for meg, skjøna eg ikkje før eg fekk ei ekstraoppleving på Oslo-trikken ein gong i 1960-åra. Eg kom i snakk med professor Magne Skodvin, historikaren som eg enno ikkje kjende særleg godt, men vi var på nikk. Han gjekk rett på sak: «Du må ha vakse opp mindre enn tre kilometer frå ein folkehøgskole.» Eg spurde korleis han kunne vera så sikker. Han var harding og visste eitt og anna både om folkehøgskolar og vakre og opne landskap, men likevel.
– Eg har høyrt deg i radio nokre gonger, og det er tydeleg at du har vore utsett for den type kulturdiffusjon som berre kjem frå folkehøgskolar, sa han.
Eg visste vel ikkje heilt kva kulturdiffusjon er, men det har noko med kulturspreiing å gjera. Og eg kjende meg litt meir takksam mot mor og far, som drog oss med på kulturkveldar på Sund og var svært tunghøyrde kvar gong eg klaga over at det ofte kunne vera meir langdrygt enn lysteleg. Det førte til at eg i Oslo seinare alltid undra meg over store kulturmenneske som aldri hadde møtt den danske diktaren Martin A. Hansen, eller skodespelaren Ib Schønberg, som ofte gjesta på Sund, eller Halldis Moren og Tarjei Vesaas. Dei budde hos skulestyrar Albert Haugsand og kona. Haugsand, som var musikar, lyrikar og målar, tok over frå Nils Sivertsen og kona hans i 1948, og heller ikkje i Sivertsen-tida skorta det på store namn.
Det hadde byrja i det små: I oppropet i Norsk Folkeblad frå Lars Bentsen og H.K. Fosnæs i juli 1868 stod det: «Saafremt et nogenlunde tilstrækkeligt Antal Elever melder sig, agter Undertegnede at oprette en Folkehøjskole på Gaarden Huseby i nedre Stjørdalen. Skolens Formaal vil blive at bibringe voksne Bondegutter den Dannelse og de Kundskaber, som de kan have Brug for i Livet, og som de tiltrænger for at kunne udfylde deres Plads i Samfundet.»
Skolens plass i samfunnet dei første 32 åra var som skole på omgang i Stjørdal, Frol, Frosta, Levanger, Ytterøy og Meråker før det vart Inderøy.
Den «kulturdiffusjonen» som Sund utset både elevar og inderøyningar for no, 150 år seinare, kjem mellom anna frå ei jazzline i musikk og samarbeid med skolar for ungdom i Guatemala. Mellom gamle Sund-elevar er Kjell Erik Killi Olsen og Ola Kvernberg.
Av borna til skulestyrar Haugsand er den yngste, Ketil, professor i cembalospel i Köln i Tyskland, og den mellomste, Ingrid, gift Boysen, pianolærar i Oslo. Da ho kom til hovudstaden, fekk ho høyra at det måtte vera ein dryg overgang frå provinsen.
Tja. Til provins å vera har Inderøy og Sund greidd seg «saa nogenlunde tilstrækkeligt».
Per Egil Hegge
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

«Man siger: Se Neapel og dø,
men jeg har sett Inderøen
fra Roelsbakkerne en sommeraften»
Bjørnstjerne Bjørnson
Fleire artiklar
Små-ulovleg: Godtet er smått, men er denne reklamen retta mot små eller store menneske? Det kan få alt å seie dersom ei ny forskrift vert vedteken.
Foto: Cornelius Poppe / NTB
«Om høyringsinnspela frå Helsedirektoratet vert inkluderte, risikerer ein å kriminalisere heilt vanleg mat.»
To unge mormonmisjonærar, søster Paxton (Sophie Thatcher) og søster Barnes (Chloe East), blir tvinga til å setje trua si på prøve i møtet med herr Reed (Hugh Grant).
Foto: Ymer Media
«Mange av skrekkfilmane no til dags liknar meir på filmar frå syttitalet»
I tillegg til å vere forfattar er Kristina Leganger Iversen også litteraturvitar, samfunnsdebattant og omsetjar.
Foto: Sara Olivia Sanderud
Nedslåande sanning
Kristina Leganger Iversen leverer eit grundig studium av noko som burde vere opplagt for fleire.
Teikning: May Linn Clement
«Me har ikkje grunnlag for å seia at bokmålsbrukarar har kvassare penn enn andre, men nokre av dei evnar å kløyva kvass i to.»
Gjennom Hitlers progagandaminister Joseph Goebbels får vi eit innblikk i sanninga bak Nazi-Tysklands propagandamaskin.
Foto: Another World Entertainment
Propaganda på agendaen
Fører og forfører er ein drivande historietime om tidenes skumlaste skrønemakar.