Fløan-kapellet og ein uvettug slektning

«Bytorget» på Trøndelag Folkemuseum på Sverresborg i Trondheim.
«Bytorget» på Trøndelag Folkemuseum på Sverresborg i Trondheim.
Publisert

Underkommuniserte hendingar bør gjerne få vera ukjende, eller som den vidgjetne samfunnsfilosofen Ronald Reagan ein gong sa: «Eg betalte ein slektsforskar 50 dollar for å grava litt i slektshistoria mi, og så måtte eg gi han 100 dollar til for å få han til å teia om det han fann.»

Vi har alle vårt, og denne månaden, på Sverresborg i Trondheim, der Trøndelag Folkemuseum ligg, fekk eg ei påminning om lagnaden til Fløan-kapellet like ved Steinvikholmen i Skatval, no Stjørdal kommune. Kapellet vart teikna av Gerhard Schøning i 1770. Det var ikkje stort, på om lag 40 kvadratmeter golvflate, og tre tømmerstokkar av det ligg på museet i Trondheim. Der skal kapellet rekonstruerast, men stokkane er for morkne til at dei kan brukast. Så dei vert liggjande i magasin på Sverresborg.

Kapellet er nemnt i Aslak Bolts jordebok frå 1430-åra, og stokkane kan daterast til 1420. Det er nokolunde godt dokumentert at reformatoriske svenskar i 1560-åra «tok seg av» restane av ei kiste som liket av heilag Olav skal ha lege i. Enda betre dokumentert er det at bonden på Fløan reiv kapellet i slutten av 1840-åra for å få tømmer til ny låve i 1851.

Så slektshistoria: Farmor mi, Dorothea Fløan, gift Hegge, var fødd i 1874, så for alt eg veit, kan rivaren ha vore tippoldefar min. Men det var – er – tre Fløan-gardar, og eg har ikkje tenkt å grava meir. Den det ikkje var, var Johan L. Fløan på Austre Fløan, for han var fødd i 1859 og interesserte seg så sterkt for historie at han var med på å starta Trøndelag Folkemuseum i 1913. Ja, han vart til og med medlem i National Geographic Society på grunn av alt han gjorde som folkeminnegranskar og lokalhistorisk aktivist. Han var medlem av heradstyret i til saman 44 år. Farfar min, Peder J. Hegge, sat ei tid der saman med han, og for spesielt interesserte: Dei er begge med på eit politisk gruppebilete som det går an å finna fram til på Wikipedia.

Om låvebygginga står det til og med i Skatvalsboka at ho var uvettug. Det kunne sjølvsagt ikkje berga kapellet frå ein dynamisk aktivist på grannegarden, Midt-Fløan, der det altså var bruk for ny låve. Før rekonstruksjonen på museet er ferdig, har vi ikkje anna enn Schønings snart 250 år gamle teikning av «Fløans Cappel i Størdahlen» og dei tre stokkane i magasinet. Pluss vitnemål om at Olavsdyrkinga i 1560-åra heldt seg frisk nok til at det måtte svenske okkupasjonssoldatar til for å rydda opp.

Steinvikholm, berre eit par hundre meter frå Fløan-gardane, er langt på veg restaurert. Historisk spel er det kvar sommar til minne om den siste katolske erkebiskopen i landet, Olav Engelbrektsson, som drog i eksil da reformasjonen sigra. Det vert feira heller spakt i Trøndelag; heilag Olav held seg godt fleire stader enn i gatenamna i Trondheim, 30 kilometer lenger sør, og på Stiklestad, 30–40 kilometer nord for Fløan og Steinvikholm.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement