Flagget på halv stong

Jernbanedirektør (og fotograf) Carl Abraham Pihl poserer sjølv framfor vogna med inspiserande høge herrar, truleg mellom mellom Eidet og Holtaalen stasjonar på Rørosbanen i 1877. Loket er av type VI, ein «Asteroide».
Jernbanedirektør (og fotograf) Carl Abraham Pihl poserer sjølv framfor vogna med inspiserande høge herrar, truleg mellom mellom Eidet og Holtaalen stasjonar på Rørosbanen i 1877. Loket er av type VI, ein «Asteroide».
Publisert

Akkurat i vår gate i Oslo, den kortaste og minst kjende i heile hovudstaden, skulle det ha vore flagga på halv stong måndag 17. juni. Det ville ha krenkt islendingane, som hadde nasjonaldag, men somme stemnekollisjonar er uunngåelege. For måndag vart det kunngjort at svenskane skal overta drifta av sju jarnvegsstrekningar i fedrelandet frå neste år, og vi bur i C.A. Pihls gate. Ho har namn etter Carl Abraham Pihl (1825–1897), den første som med rette kunne kalla seg norsk jarnvegsdirektør. Gata har to husnummer, 1 og 2, og skribenten bur i det høgste av dei.

Namnet er godt kjent i Vang på Hedmark. Bestefar hans, Abraham Pihl, var prost der frå 1789 til han døydde i 1822, og i bygdesogene der heiter han enno fader Abraham. Han bygde kvernhus, klokker og tårnet på Vang kyrkje, og han preika så mykje om nye dyrkingsmetodar at vangsbøndene klaga han inn for Kongen i København i 1811: Han burde vera meir gudeleg. Slikt vart teke alvorleg den gongen: Ei granskingsnemnd vart nedsett og refsa han, men tok ikkje frå han kappe og krage.

Den fremste norske eksperten på C.A. Pihl, jarnvegsdirektøren, budde i C.A. Pihls gate 1 og heitte Ivar Eskeland (1927–2005). Frå vegdirektør Eskild Jensen fekk han i oppdrag å skriva ei tale som Jensen skulle framføra, men berre som «vikar» for vegdirektør Hans Hagerup Krag (1829–1907). Han har fått eit drusteleg monument på Vettakollen i Oslo, og både i maktpositur og plassering gjer han rett for oppnamnet «norsk vegbyggings svar på Bjørnstjerne Bjørnson».

Ivar Eskeland tok ein tur til Riksarkivet og fekk utlevert «Kragpakka», omtrent ein meter med konvoluttar. Altfor spennande var det ikkje før han kom til eit gåtefullt avisutklipp, ein udatert notis der det stod at ein høgre embetsmann under ei meiningsutveksling om budsjettet på kontoret hos ministeren for det indre hadde trekt kniv mot ministeren. Alt var anonymisert, men tilbodet om ei løysing på gåta dukka straks opp: På eit brevkort stod det: «Ærede Hr. Vejdirecteur Krag: Der staar noget i Aviserne om at en Embedsmand under en Disput om Budgetanliggender skal have trukket Kniv mod Ministeren paa dennes Kontor. Det maa være Dig. Ærbødigst C.A. Pihl.» Krag var nordtrønder, fødd i Grong.

Pihl kjende han vel godt, men han var sjølv ingen saktmodig mann. Han studerte til ingeniør i Dresden, og han hadde vyar: Som fersking var han med på å prosjektera Hovedbanen frå Christiania til Eidsvoll, og da rådførte han seg med ingen ringare enn Robert Stephenson, son av og partner til George Stephenson, som har fått plass i verdshistoria som oppfinnar og konstruktør av lokomotivet. Stephenson jr. var med på planlegginga og valet av trasé i Noreg.

Men Pihl tapte dei fleste av hjartesakene sine, og prestesonen Krag mot prestebarnebarnet Pihl var det som i dag heiter rått parti. Mot Krag, som kjempa for «Bilismens Fremvekst», var han makteslaus. Og det var andre nederlag: Pihl gjekk i svart depresjon da Stortinget vedtok at Bergensbanen skulle byggjast breispora. Han meinte at det fattige og steinrike (geologisk sett) fjellandet korkje hadde økonomi eller topografi til noko meir enn smalspora.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement