Fedrelandskjærleik eller tru på utopiar?LesebøkerPer Steinar RundeFosnavågKaj Skagen har i fleire artiklar vist korleis lesebøkene for grunnskulen har endra seg i pakt med skiftande ideologiar. I ein kommentar i Dag og Tid 28. oktober seier historielektor
Kaj Skagen har i fleire artiklar vist korleis lesebøkene for grunnskulen har endra seg i pakt med skiftande ideologiar. I ein kommentar i Dag og Tid 28. oktober seier historielektor Svein Åråsvåg seg glad for denne utviklinga frå nasjonal til internasjonal synsvinkel, fordi førstnemnde kan føre til sjåvinisme og nasjonalisme. Som eksempel på tidlegare usunn heltedyrking i norske lærebøker nemner han bildet av kaptein Dreyer på stubben.
No hugsa Åråsvåg stort sett feil om sjølve bildet, men eg kan uansett ikkje sjå at vi som las Hæreid og Amundsens lærebok i historie, vart svenskehatarar av teikninga til Andreas Bloch. Dei fleste forstod sikkert at illustrasjonen skulle vise mot og offervilje i forsvar av fedrelandet, om enn av det dumdristige slaget.
I den grad vi i Skandinavia tenkjer annleis om andre folkeslag enn dei gjer i Sentral- og Aust-Europa, slik Åråsvåg påstår, handlar det nok meir om ulike historiske røynsler enn om tekst og bilde i lærebøker. Medan dei i denne delen av Europa har lært av erfaring at fred, fridom og velstand ikkje er noko ein kan ta for gitt, har vi i vårt trygge hjørne hatt råd til å tru for godt både om verda, framtida og eigne hald?ningar.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.