JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Memoarar

EU-kontroll og harrytur

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Den gamle brua over Svinesund, som markerer grensa mellom Noreg og Sverige.

Foto: Heiko Junge / NTB scanpix

3583
20170317
3583
20170317

Harrytur er eit ord med litt nedsetjande klang; det står ikkje respekt av harryturar. Ordet er litt for sosiologisk, og det har litt for sterk klassedåm: At noko var harry, tydde for om lag hundre år sidan at det var knytt til meir enkle folk på austkanten i Oslo. Der var dei ikkje heilt forsvarslause, den gongen heller; dei slo kontra med «han er heilt Preben»: Ein ufordrageleg snobb frå vestkanten, og med litt for mange pengar som han dessutan hadde arva og ikkje arbeidd seg til.

For den som kjende den store endokrinologen Harry Haugen (1911–2003), vert det vanskeleg å høyra noko nedsetjande eller primitivt ved adjektivet «heilt harry». Men han underteikna seg med H.N. Haugen, og jamvel om medisinstudentane aldri kalla han anna enn Hórrmon-Harry, brukte dei det aldri i tiltale.

Utan at det hadde noko med det medisinske fagfeltet å gjera, har eg vore på harrytur. Det gjekk slik til:

Bilen vår, som er frå 1900-talet, altså same tusenår som Harald Hardråde og Henry Ford, skal til EU-kontroll før månaden er ute. Med ein tjue år gamal bil er det alltid eitt eller anna – eller 12 punkt, som det vart – og overslaget hadde 55.000 kroner som sluttsum og «tilbod». Bilen er ikkje verd over 50.000. Så reknestykket såg temmeleg enkelt ut, og eg tok med nokre nybilbrosjyrar heim. No er det bilkunnige folk i familien, og ein av dei nemnde noko om ein verkstad på austkanten. Litt rufsete, og ingen snakkar norsk, men dei veit kva dei driv på med, sa han.

Der skulle dei ha 18.000 for å setja køyregreia i forsvarleg stand. Eg melde attende til konsulenten og sa at 37.000 kroner spart og så vidare. Vel, sa han, like over svenskegrensa er det ein kar med bensinstasjon og eit par bilmekanikarar. Høyr med han, da kjem du kanskje under ti tusen.

Eg la ut på den første harryturen i mitt liv. Det meste er for seint no, men ein harrytur vart det altså plass til før soleglad. Svensken, som kan sjå Noreg dersom han kliv opp på taket sitt, meinte at 10.000 lokale kroner skulle vera nok. Eg sette att bilen der og reiste heim med buss og tog. Så ringde han: Det var litt meir, så han måtte ha 12.000. Eg slo til.

Så var det tid for diplomatisk omtanke. For å få kontrollattesten ville det knapt vera lurt å gå til den eine av dei to verkstadene som eg hadde kontakta først; dei kunne hamna i det som diktaren kallar «slett lune» og finna fleire feil. Men ein av organisasjonane for bileigarar har eigen kontrollverkstad. Der kosta det tredjeparten av det som dei norske verkstadene skulle ha for godkjenning.

Det vart altså ei jubelveke for sparsemd – dei er det ikkje for mange av gjennom året. Dersom eg i tillegg hadde kjøpt nokre harryflasker vin da eg henta bilen, hadde eg spart enda meir. Akkurat det økonomiske resonnementet kjenner eg frå Gran Canaria; der strevar somme landsmenn med å få drukke så mykje at dei til slutt har billetten gratis. Eg skulle vel heller seia at der var det somme som gjorde det, for dei har fått gravsteinen sin for ei tid sidan. Noko skal ein jo ha att for strev, innsatsvilje og tidspress.

No er det to år til neste EU-kontroll, dersom bilen og eg har helsa.

Førebiletet mitt når det gjeld bilinteresse, er dagbladkollegaen Reidar Anthonsen (1918–2003), kjend som signaturen Satyr, og opphavsmann til visa om «Genser’n te Johansen». Han overraska resten av redaksjonen med å kjøpa bil. I kantina vart han spurd om kva slag bil det var. Han såg seg litt rådvill rundt og sa: «Nei, den er nå blå.»

Blå bilar er alt anna enn harry.

Per Egil Hegge

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Det vart altså ei jubelveke for sparsemd.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Sofi Oksanen er av dei  forfattarane som har fått flest prisar i Norden. Bøkene hennar er omsette til 46 språk. Biletet er frå bokmessa i Wien i 2022.

Foto: Nicola Montfort / Wikimedia Commons

LitteraturKultur

Vald mot kvinner som våpen

Sofi Oksanen ønskte å skrive ei bok som er tilgjengeleg for vanlege lesarar, som kan lesast utan kart og utan at ein treng følgje krigsnyhenda dag for dag. At essayet Putins krig mot kvinner skulle bli så skremmande, såg ho ikkje heilt for seg.

Jan H. Landro

New York-politiet storma 30. april Hamilton Hall ved Columbia University for å kaste ut Gaza-aktivistane som okkuperte bygningen.

Foto: Caitlin Ochs / Reuters / NTB

KommentarSamfunn
Morten A. Strøksnes

Guds vreide over Columbia

Fleire tusen amerikanske studentar er blitt arresterte for å demonstrere mot Israel. USAs normalt så sterke ytringsvern blir utfordra.

Palestinarar på veg ut av Rafah måndag, etter at Israel varsla nye åtak i byen lengst sørvest i Gaza.

Foto: Ramadan Abed / Reuters / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Den raude streken i Rafah

Kanskje skal sluttspelet i Gaza-krigen stå i Rafah. Det blir neppe kort.

For Balázs Orbán, som er politisk rådgjevar for statsministeren, er jobben å halda fast ved dei langsiktige måla til regjeringa mellom alle dei mindre og større oppgåvene i kvardagen.

Foto frå heimesida til Orbán Balázs i regjeringa

UtanriksSamfunn
JeppeBentzen

Verda ifølgje Orbán

BUDAPEST: I ei ny bok fortel ideologen til Viktor Orbán korleis Ungarn vil utfordra den liberale verdsordninga. Weekendavisen har møtt han.

«Etisk sett balanserer man ofte på en knivsegg. Jeg håper bare inderlig at jeg alltid har falt ned på rett side», seier pressefotograf Harald Henden.

Foto via Fritt Ord.

ArbeidSamfunn

Fritt Ords pris for 2024

«Når jeg setter mitt navn under et fotografi, skal leserne kunne stole på at innholdet er korrekt, det trengs ikke ytterligere verifisering. Mitt navn skal være knyttet til sannhet.»

Les talen som prisvinnar og VG-fotograf Harald Henden heldt ved tildelinga av Fritt Ords Pris i Operaen 7. mai 2024.

HaraldHenden

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis