EU-kontroll og harrytur
Den gamle brua over Svinesund, som markerer grensa mellom Noreg og Sverige.
Foto: Heiko Junge / NTB scanpix
Harrytur er eit ord med litt nedsetjande klang; det står ikkje respekt av harryturar. Ordet er litt for sosiologisk, og det har litt for sterk klassedåm: At noko var harry, tydde for om lag hundre år sidan at det var knytt til meir enkle folk på austkanten i Oslo. Der var dei ikkje heilt forsvarslause, den gongen heller; dei slo kontra med «han er heilt Preben»: Ein ufordrageleg snobb frå vestkanten, og med litt for mange pengar som han dessutan hadde arva og ikkje arbeidd seg til.
For den som kjende den store endokrinologen Harry Haugen (1911–2003), vert det vanskeleg å høyra noko nedsetjande eller primitivt ved adjektivet «heilt harry». Men han underteikna seg med H.N. Haugen, og jamvel om medisinstudentane aldri kalla han anna enn Hórrmon-Harry, brukte dei det aldri i tiltale.
Utan at det hadde noko med det medisinske fagfeltet å gjera, har eg vore på harrytur. Det gjekk slik til:
Bilen vår, som er frå 1900-talet, altså same tusenår som Harald Hardråde og Henry Ford, skal til EU-kontroll før månaden er ute. Med ein tjue år gamal bil er det alltid eitt eller anna – eller 12 punkt, som det vart – og overslaget hadde 55.000 kroner som sluttsum og «tilbod». Bilen er ikkje verd over 50.000. Så reknestykket såg temmeleg enkelt ut, og eg tok med nokre nybilbrosjyrar heim. No er det bilkunnige folk i familien, og ein av dei nemnde noko om ein verkstad på austkanten. Litt rufsete, og ingen snakkar norsk, men dei veit kva dei driv på med, sa han.
Der skulle dei ha 18.000 for å setja køyregreia i forsvarleg stand. Eg melde attende til konsulenten og sa at 37.000 kroner spart og så vidare. Vel, sa han, like over svenskegrensa er det ein kar med bensinstasjon og eit par bilmekanikarar. Høyr med han, da kjem du kanskje under ti tusen.
Eg la ut på den første harryturen i mitt liv. Det meste er for seint no, men ein harrytur vart det altså plass til før soleglad. Svensken, som kan sjå Noreg dersom han kliv opp på taket sitt, meinte at 10.000 lokale kroner skulle vera nok. Eg sette att bilen der og reiste heim med buss og tog. Så ringde han: Det var litt meir, så han måtte ha 12.000. Eg slo til.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.