Estisk jonsok
Dannebrog fell frå himmelen under Volmerslaget ved Lyndanisse (Tallin) i Estland 15. juni 1219, slik målaren Christian August Lorentzen såg det føre seg i 1809.
Det er svenskane som feirar jonsok meir og sterkare enn alle andre, ikkje sant? Folkeparkar i kveldssol, dans rundt maistonga med blomekrans og svenske folkeviser og korv och dragspel och vals. Deretter ein vel fortent eller hardt tiltrengd kviledag, alt ettersom, den 24. juni, jonsokdagen, som kjem etter jonsokeftan, nett som juledagen kjem etter julekvelden.
Dei som framleis trur det, har ikkje fått med seg at den svenske jonsokhelga er flytta til næraste laurdag og søndag, så det har ordna seg med kviledagen. Svenskane er effektive, og det kunne verta reint for mange arbeidsfrie dagar, noko som gjekk ut over både produktivitet og bruttonasjonalprodukt, og dermed nasjonaløkonomien.
Med helga og vekedagane høver det nesten perfekt i år. Men det er eit naboland der jonsok verkeleg er fri og heilag: Estland. Knapt noko folk er så nordisk i sjel og sinn som estarane, og hos dei vart alt som nordisk er, reinodla ekstra sterkt fordi det i så mange år var nett nordiske dei ikkje hadde lov til å vera.
Ikkje eigenleg.
Om det så er Valdemarsdagen 15. juni, så heng han på eit vis saman med midtsommardagen. For det var 15. juni 1219 at det danske flagget fall ned frå himmelen under eit slag i det som no er Tallinn, der danskane sleit hardt for å få kristna dei estiske stammane. Dei lokale trong til ei fast hand, nett som da Olav Tryggvasson og Olav Haraldsson på sine kantar gjekk inn for det same eit par hundre år tidlegare.
Midtsommar 15. juni, og flagg frå himmelen? Ja, det finst ei forklaring på alt: På 1200-talet låg den gamle kalenderen sju dagar bak «vår». Det vart éin ekstra dag for kvart hundreår, frårekna skotåra i 1200, 1600 og 2000, så 15. juni 1219 svarar til 22. juni. På 1700-talet er vår kalender 11 dagar før den julianske. Differansen er 12 dagar på 1800-talet, og 13 dagar på 1900- og 2000-talet. (Det er derfor oktoberrevolusjonen kom i november, og det er derfor Karl 12.s dødsdag, på grunn av arbeidsuhellet hans i Halden, er 30. november 1718 i Sverige, men 11. desember 1718 i Noreg og Danmark. Vi skifta kalender frå den gregorianske i 1700. Svenskane venta til 1752.)
Og flagget frå himmelen sånn omtrent på jonsokdagen i 1219? Dei som er litt skeptiske til alle sogene om Guds hand som greip avgjerande inn på svært mange slagmarker, er blasfemiske nok til å meina at det kan ha vore ei munkekappe som kom flygande. Johanitterordenen, som heiter Malteserordenen no, hadde ei raud kappe med kvitt kors, og det er ofte sterk vind i kystbyen Tallinn. Og Jonsok har fått namn etter Johannes Døyparen, som gav namn til Johanitterordenen.
Da har vi både kalenderen, solsnu og ordensvesenet på plass.
Estarane har alt på plass. På høgdedraget der det danske flagget altså landa midt under slaget i 1219 som eit teikn på kven som skulle sigra, ligg både Riksdagen, statsministerresidensen, den russisk-ortodokse Aleksander Nevskij-katedralen og kafé Dannebrog, som ikkje må gløymast.
Så her får alle sitt. Og i kveld lyser jonsokbåla i den lyse estiske midtsommarnatta. Det gjorde dei i sovjetperioden med. Det var ikkje heilt lov. Men heilt forbode var det heller ikkje.
Per Egil Hegge
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Knapt noko folk er så nordisk i sjel
og sinn som estarane.
Fleire artiklar
Christian Treutmann-orgelet frå 1737 i stiftskyrkja St. Georg i Grauhof.
Foto via Wikimedia Commons
Monumental pedal
Masaaki Suzukis frasering gjev rom for smertelege dissonansar.
Det oppstår misvisande biletet av at covid-19 forårsakar Alzheimer, meiner Preben Aavitsland ve FHI.
Foto: Erik Johansen / NTB
Meir om seinfølgjer
Den årlege rapporten FHI har publisert, syner at dødeligheita blant personar under 40 år har vore nokså stabil sidan 2015.
Gukesh kan verta den klart yngste verdsmeisteren i historia. Carlsen var nesten fem år eldre då han vann kandidatturneringa og vart verdsmeister i 2013.
Foto: Maria Jemeljanova / Fide
«Sjølv har eg heller aldri sett ein så mogen 17-åring, korkje på eller utanfor sjakkbrettet.»
Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou i Hebei-provinsen.
Foto: Ng Han Guan / AP / NTB
Ein straum av problem
Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.
Line Eldring har leidd utvalet som tilrår at Noreg både bør vidareføre og utvide samarbeidet med EU på nye område framover. Ho la nyleg fram utgreiinga «Norge og EØS: Utviklinger og erfaringer» for utanriksminister Espen Barth Eide.
Foto: Terje Pedersen / NTB
Veksande fjernstyre
Tilknytinga vår til EU veks og veks, både gjennom EØS-avtalen og utanfor, ifølgje ei ny utgreiing. Og det er få som kjenner heilskapen.